Teoretisk og organisatorisk grunnlagsdokument
for Bevegelsen for Sosialisme (BfS)
Vedteken på BfS sitt landsmøte 20. – 21. januar 2007
Einskap gjev styrke i kampen for ei betre verd
Forord
Samandrag
1. Noreg i den kapitalistiske verda
2. Det finst eit alternativ til kapitalismen
3. BfS sitt sosialismesyn og sosialismevisjon
4. Ein organisasjon av ein ny type: BfS sine mål, oppgåver og arbeidsmåtar
5. Nokre vanlege spørsmål om BfS
6. Den sosialistiske arven: Glimt og brotstykke av tenking, praksis, organisasjonar og samfunn som har sosialistisk relevans
7. Bli med i kampen
Litteratur
Forord
Det dokumentet som du no held i handa, eller les på nettet, er ei samla framstilling av BfS si plattform; teoretisk/ideologisk, organisatorisk og på andre måtar (jfr. innhaldsliste over). Det er eit noko utradisjonelt dokument, i og med at det er element frå både det som gjerne vert kalt prinsipp-program og arbeidsprogram o.a. Det er heller ikkje vanleg å ha med litteraturliste i ein slik samanheng. Vi har likevel prøvt å skilje dei ulike elementa frå einannan i teksten under ulike overskrifter.
BfS vil på ingen måte påstå at vi har ”funne opp krutet på nytt”, og låner frå den samla ”sosialistiske arven”. Den observante lesar vil finne igjen synsmåtar frå andre kjelder, stundom også formuleringar. Men det er ingen som har ”patent” på eller ”eigedomsrett” til slik tenking, og i litteraturlista vil du finne igjen ein del av den litteraturen som vi støttar oss på. I den grad vi gjer krav på originalitet og nybrottsarbeid, vil dette ligge i somme delanalysar, men først og fremst i samanstillinga av dette tankegodset og i den særeigne profilen som vert meisla ut.
Plattforma er blitt utforma for å synleg- og tydeleggjere BfS sitt politiske prosjekt. Dermed vil ein også kunne førebyggje mot misforståingar. Plattforma er også eit grunnlag for handling og mobilisering. For BfS er prosessen like viktig som sluttresultatet. Utforminga av dette dokumentet har vore ein kollektiv refleksjons- og bevisstgjeringsprosess. Det er ønskjeleg at dette vert ein vedvarande og kontinuerleg prosess i framtida. Det bør arbeidast vidare med denne plattforma, og det er ønskjeleg med nye revisjonar på seinare landsmøte i BfS. Sosialistisk teori må vere ei levande lære i stadig utvikling, som avspeglar samfunnsmessige endringar og nytenking. Plattforma må også trenge inn ”under huda” på BfS-medlemmer og –sympatisørar, og dokumentet skulle vere veleigna som studiemateriell.
Til lukke med lesinga og velkommen som medkjempar for sosialisme – for sosial utjamning og likskap, fred og nedrusting og ein bærekraftig miljøpolitikk.
Til toppen av siden
Samandrag
Noreg må først og fremst forståast som eit kapitalistisk klassesamfunn som er vevd inn i den imperialistiske verdsordninga, der USA spelar ei hovudrolle. Vårt mål er eit sosialistisk samfunn i ei sosialistisk verd, utan utbytting og undertrykking.
BfS sin visjon er ein sosialisme basert på felleseige av produksjonsmidlane og tufta på humanistiske, økologiske (dvs. miljøvern) og demokratiske verdiar.
Dei fremste sakene som BfS vil arbeide for er sosial rettferd og likskap, fred og nedrustning og ein bærekraftig miljøpolitikk.
BfS sine prioriterte praksisområde er einskapspolitikk, politisk aktivisme og arbeid med sosialistisk ideologi/teori. Venstresida må stå mest mogeleg samla i kampen for eit rettferdig samfunn – det er meir som bind oss saman enn som skiljer. Vi vil prøve å bidra til å vidareutvikle sosialistisk teori og ideologi gjennom kunnskapsoppbygging og debatt, og vil prøve å gjere det sosialistiske alternativet kjent ved å spreie desse tankane mest mogeleg. BfS vil vidare prøve å byggje vidare på det beste i ”den sosialistiske arven”, samstundes som vi kritiserer skarpt feilgrep i i sosialismens namn og analysar og tankar som ikkje er liv laga. Samstundes vil vi reise nye og djerve visjonar om og for morgondagens sosialisme.
BfS er ein organisasjon av ein ny type, som legg avgjerande vekt på venstreeinskap. Sosialistar treng ny tenking og ny praksis for ei ny tid!
Dette dokumentet er meint som ei utdjuping og spesifisering av BfS sitt politiske og organisatoriske prosjekt.
Til toppen av siden
1. NOREG I DEN KAPITALISTISKE VERDA
Det kapitalistiske samfunnssystemet vaks i Noreg fram som eit framhald av merkantilismen under industrialiseringsprossane på 18.- og 19.hundretalet. Under kapitalismen kontrollerer borgarskapet mesteparten av produksjons- og finansmidlane. Den kapitalistiske utviklinga spreier seg til stadig nye område, men er hovudsakeleg forankra i industri, skipsfart, handel, kredittvesen og servicenæring.
Småbedriftene spelar framleis ei viktig rolle i norsk økonomi og næringsliv, men tendensen er at dei vert stadig meir avhengige av dei store konserna og at dei vert oppslukt av desse. ”Dei store fiskane et dei små”.
Noreg er bunden til og avhengig av den internasjonale kapitalismen og imperialismen via den kapitalistiske verdsmarknaden, dei transnasjonale selskapa, EØS-avtalen o.a. Men landet vårt utviklar sjølv imperialistiske trekk gjennom skipsfarten og kapitaleksporten.
I det norske klassesamfunnet finn ein tre sosiale hovudgrupper: Borgarskapet, arbeidarklassen og mellomlaga.
Det er berre eit par prosent av det norske folk som tilhøyrer borgarskapet, som er differensiert i ulike grupper etter rikdom og makt. Monopolkapitalen, som tilhøyrer storborgarskapet, er fletta saman med finanskapitalen på ulike måtar, mellom anna i personalunionar. Storaksjonærar i industri, handel, skipsfart o.a. møtast i styre og representantskap, og storbankane eig store aksjepostar i norsk industri. Dei store kapitaleigarane har makt til å avgjere kvar næringsverksemd skal lokaliserast og kva for bedrifter som skal leggjast ned, ”slankast” eller ”utflaggast”. Dei har styringsretten som følgje av eigarmonopol, trass i at dei talmessig er ei ørlita gruppe. Dei er ikkje underlagt demokratisk styring og kontroll.
Arbeidarklassen er først og fremst kjenneteikna ved at arbeidarar ikkje eig produksjonsmidlane. Dei må såleis selje arbeidskrafta si mot løn på arbeidsmarknaden. Det er rimeleg å rekne oml. tre firedelar av det norske folk (dei som er i arbeidsfør alder) som tilhøyrande arbeidarklassen. Stadig fleire vert lønstakarar, og talet på sjølvstendige i handel, handverk, industri, jordbruk, fiske og intellektuelle yrke er minkande. Dei vert proletarisert. Dei viktigaste gruppene i arbeidarklassen er i dag industriarbeidarar, transportarbeidarar, olje- og gassarbeidarar, vanlege funksjonærar i handel og kontor, tilsette i service-næringane og omsorgsarbeidarar. Sjølv om talet på industriarbeidarar talmessig har blitt sterkt redusert (mindre enn 300 000), er dei framleis den viktigaste delen av arbeidarklassen, dels ved at dei har størst potensiale når det gjeld å utvikle klassemedvit og har dei sterkaste verkemidlane i klassekampen, og dels ved at dei er den viktigaste verdi- og meirverdiskapande faktoren.
Arbeidarklassen er blitt langt meir samansett, differensiert, enn i tidlegare tider. Det er vesentlege skilje når det gjeld, løn, utdanning, kunnskapar, sosial tryggleik, levekår meir allment og status. Denne aukande differensieringa av arbeidarklassen, som skaper klare utfordringar for arbeidarrørsla, heng ml.a. saman med den vitskapleg-tekniske revolusjon (VTR). VTR inneber at det kan produserast langt meir varer med langt mindre arbeidskraft enn før. VTR, som burde vere til fordel for det arbeidande folket ved at arbeidet vert lettare og at ein får meir fritid, fører ofte til auka framandgjering under kapitalistiske produksjonsforhold, til dømes ved at kontakten med andre arbeidarar vert redusert, at arbeidet kjennest meir upersonleg og mindre meiningsfullt, at autonomien i arbeidssituasjonen vert minska og at avstanden til arbeidsgjenstandane og sluttproduktet vert større.
Mellomlaga ligg mellom borgarskapet og arbeidarklassen. Dei ”gamle” mellomlaga var stort sett bønder, fiskarar, handverkarar, småhandlarar o.l. Dei eig sine eigne produksjonsmidlar og livbergar seg (stort sett) av eigen arbeidsinnsats. Dei ”nye” mellomlaga er stort sett høgare funksjonærar i privat og offentleg verksemd. Dei har leiande og godt lønte stillingar som på ulike måtar bind dei til den herskande klassen. Det kan likevel vere vanskeleg å skilje desse ut frå borgarskapet og arbeidarklassen – her er det ”gråsoner” mellom klassane. I mange samanhengar har mellomlaga – mange har låg løn og lite reelt sjølvstende – samanfallande interesser med arbeidarklassen.
Andre viktige sosiale grupper og sosiale lag er dei intellektuelle og dei trygda.
Vi ser at monopolkapitalen aukar makta si. Vi får ein aukande maktkonsentrasjon. Ein viktig konsekvens av dette er ei gradvis svekking av samfunnsmessig og demokratisk styring. Det er ein veksande andel utanlandsk kapital i Noreg og stadig meir av norsk kapital hamnar i utlandet. Det er dette som populært vert kalt (økonomisk) ”globalisering”. Den norske monopolkapitalen gjer staten til organ for sine særinteresser. Kapitalismen i Noreg vert til statsmonopolkapitalisme. Monopolkapitalen og statsmakta sine oppfatningar og praksis i økonomi og politikk fell stort sett saman. Denne utviklinga trugar demokratiet. I Norge har vi såkalt ”borgarleg demokrati”: Allmenn røysterett, eit Storting som gjev lover og ei regjering som står ansvarleg overfor Stortinget. Grunnlova sikrar trykke- og ytringsfridom og ein avgrensa streikerett. Ingen skal dømmast utan lov og ingen skal straffast utan dom. Dette demokratiet var eit veldig framsteg då det vart innført, og er også i dag ein stor fordel for det norske folk om ein samanliknar med land som ikkje har tilsvarande ordningar. Progressive krefter, med arbeidarrørsla som sentral pådrivar, har kjempa fram dette demokratiet, ofte under hard motstand frå kapital- og høgrekreftene. Men det norske demokratiet er skjørt og truga, mellom anna som følgje av at stadig meir makt vert samla i lukka styrerom. Demokratiet stoppar framfor bedriftsporten! Det har dessutan føregått omfattande registrering og overvaking av menneske med systemkritiske synsmåtar, og det er all grunn til å tru at denne verksemda held fram. Framleis står Beredskapslovene ved lag. Desse gjev styresmaktene løyve til å internere opposisjonelle i ein unntakstilstand. Eit særskildt trugsmål mot demokratiet er monopoliseringa av media. Så lenge dei store media er eigd av mektige kapitalkrefter, vil demokratiet vere ufullstendig. Dessutan gjennomsyrar borgarleg tenking og propaganda undervisninga i utdanningsinstituasjonar. Kulturen vert forflata og vulgarisert på grunn av kommersielle interesser, noko som mellom anna kjem klart til uttrykk i mykje av reklamen. Borgarlege parti og organisasjonar mottek pengegåver frå næringslivet. Vi ser også at den ideologiske og psykologiske krigføringa held fram etter den ”kalde krigen”, no i stor grad under dekke av ”krig mot terror” og ved retorikk som ”ondskapens akse” o.a. Løgner, forteiingar og fordreiingar vert brukt i alle media. Innskrenking av demokratiet vert legitimert ved å vise til terrortrugsmålet.
I Noreg har vi sett auka klasseskilje og svekking av offentleg velferd dei siste tiåra. Likevel er Norge eit av dei rikaste landa i verda, og har fleire år blitt kåra som det beste landet å bu i i verda av SN (bokm. FN), basert på utvalde levekårsindikatorar. Denne rikdommen og velferda må forståast på grunnlag av landet sine rike naturressursar (i nyare tid særleg oljen), at Noreg har vore delaktig i utplyndringa av den tredje verda, arbeidarklassen sitt slit og arbeidarklassen sin kamp mot utbytting og for sosial utjamning og velferd.
Internasjonalt er det framleis slik at rikdom og velferd er ekstremt skeivfordelt, og utviklinga går i feil retning. Medan eit lite mindretal lever i ufatteleg rikdom, lever store menneskemassar i den 3. verda i absolutt fattigdom – utan basisgode som tilstrekkeleg mat, reint drikkevatn, tilgang til helsetenester, utdanning o.a. Oml. ein milliard av befolkninga i verda lever slik. I dei rike kapitalistiske landa er det enorme sosioøkonomiske skilje (målt i t.d. inntekt og formue), og det finst lommer av fattigdom i fleire av desse landa som kan minne om forholda i u-land.
Også i vårt eige land finn vi såkalt ”nyfattigdom” eller ”moderne fattigdom”, som først og fremst inneber avgrensa sosial deltaking og sosial eksklusjon.
Verda er også prega av krig og opprusting. Det vert brukt enorme beløp på våpen som kunne vore nytta for å lindre nauda i verda og løyse sosiale problem. I nyare tid har NATO bomba på Balkan, USA har invadert Irak og Afghanistan og Israel har rasert Sør-Libanon – med USA si støtte. I kjølvatnet av slike krigar – det finst mange fleire! – følgjer ufattelege menneskelege lidingar og rasering av infrastruktur. Noreg har støtta opp om ein slik politikk, militært og politisk, noko som heng saman med NATO-medlemskapen og den generelle utanrikspolitiske plasseringa.
Miljøøydeleggingane held fram, og trugar livet på jorda. Vatn, jord og luft vert forpesta. Lagerressursane vert uttømde. Globale klimaendringar er likevel det største miljøtrugsmålet.
Kapitalismen har gått frå fri konkurranse til transnasjonal statsmonopolkapitalisme. Monopoliseringa og internasjonaliseringa av det økonomiske liv heng saman med utviklinga av produktivkreftene. Dei nasjonale rammene vert for snevre. Stadig færre og mektigare økonomiske aktørar – transnasjonale selskap – konsentrerer makt og rikdom på sine hender. Nasjonalstatane er viktige medspelarar i denne utviklinga, men fungerer stundom også som motkrefter. Nasjonalstatane har mist mykje av innverknaden over det økonomiske liv, men spelar ei viktig rolle som tilretteleggjar for kapitalens konsentrasjon og ekspansjon.
Det kapitalistiske økonomiske samarbeidet i regionale frihandelsområde som EU har som fremste målsetting å sikre høgast mogeleg profitt for dei kapitalistiske monopola. Tilsvarande prosessar føregår i ulike verdsdelar. Dei fire fridommane – fri flyt av varer, kapital, tenester og arbeidskraft – er viktige verkemidlar i denne samanheng. På verdsbasis er WTO, Verdsbanken, IMF og OECD dei viktigaste medspelarane til den internasjonale monopolkapitalen. Gjennom dei såkalte strukturtilpassingsprogramma har velferda blitt svekt for millionvis av fattige i u-landa.
Sjølv om imperialismen i vår tid har fått ein del nye trekk, er dei vesentlegaste kjenneteikna som før:
- Erobring av naturressursar og råvarer
- Erobring av investeringssfærer
- Erobring av avsetnadsmarknader
I dag kan det vere naturleg å leggje til endå eit moment:
- Erobring og kontroll av media og informasjonskanalar
Etter avviklinga av kolonistyret, kan vi i dag tale om imperialismen som ei form for neokolonialisme.
Drivkrafta er, no som før, profitt – akkumulering og maksimalprofitt. For å nå sine mål har dei imperialistiske maktene vist seg å ikkje sky nokon midlar. Den menneskelege prisen har vore ufatteleg høg. Særleg har USA-imperialismen si historie vore prega av enorm brutalitet, noko Vietnam-krigen og Irak-okkupasjonen eksemplifiserer. Når det gjeld kolonialismen, er dette ml.a. skildra skjønnlitterært og på annan måte av forfattarar som Jens Bjørneboe, Joseph Conrad, Edvard Galeano, Franz Fanon, Tariq Ali m.fl.
Til toppen av siden
2. DET FINST EIT ALTERNATIV TIL KAPITALISMEN
Kapitalismen held fleirtalet av befolkninga på jorda nede i fattigdom og framandgjering, medan ein liten minoritet lever i enorm og meiningslaus luksus. Ein liten elite har den reelle makta; det store fleirtalet er makteslause.
Dette økonomiske, politiske, ideologiske og kulturelle systemet legg grunnen for utbytting, grådigheit, ulikskap, opprusting, stadig nye krigar og miljøøydeleggjingar.
Systemet er ikkje bærekraftig. Den norske stat sin rikdom baserer seg på utbytting av menneskeleg arbeidskraft, rovdrift av naturen og tilgang til rimelege råvarer frå den tredje verda.
Verkeleg demokrati er ikkje mogeleg under kapitalismen, avdi dei viktigaste avgjerslene vert tekne i dei private selskapa sine stengde styrerom.
I Norge ser vi konsekvensane av kapitalismen i form av mellom anna arbeidsløyse og sosial utstøyting, klasseskiljer, nyfattigdom, ein i aukande grad overflatisk og kommersiell kultur, einsemd og psykososiale lidingar i befolkninga.
Det finst eit alternativ til kapitalismen, basert på sosial rettferd, vern om naturen og nedrusting og fred. Alternativet er sosialisme!
Til toppen av siden
3. BFS SITT SOSIALISMESYN OG SOSIALISMEVISJON
Venstreorienterte part og rørsler i Noreg og internasjonalt har vore, og er, merkt av den teoretisk-ideologiske tenkinga som her vert omtalt under overskrifta ”Den sosialistiske arven…”. (Sjølvsagt må ein også, og først og fremst, forstå slike parti og rørsler i relasjon til den tid og det samfunn som dei opererte utfrå). Grovt kan ein operere med ei tredeling: Sosialdemokratiske, venstresosialistiske og kommunistiske parti/rørsler. Men også anarkistiske og syndikalistiske straumdrag har gjort seg gjeldande. I den kommunistiske retninga kan ein skilje mellom ”tradisjonelle Moskva-orienterte”, maoistiske (ml) og trotskistiske parti/rørsler. (Les meir om dette i kap. 8).
BfS vil ta inn over seg og forhalde seg til heile spekteret av den teoretisk-ideologiske tenkinga som har eit sosialistisk utgangspunkt, og vil byggje vidare på det beste i dei ulike tradisjonane og bidraga . Vi vil samstundes distansere oss frå tankegods som ikkje er ”liv laga” i vårt samfunn og i vår tid. Samstundes vil BfS prøve å vidareutvikle den sosialistiske tenkinga, tilpassa ei ny tid og nye samfunnsmessige livsomstende. I den samanheng vil vi også byggje på bidrag frå samfunnsteori og –forsking i samfunnsvitskapane og innan somme humanistiske fagområde, sjølv om desse ikkje nødvendigvis er sosialistisk teori i eksplisitt meining. Det er sjølvsagt også avgjerande å byggje på oppdatert empirisk materiale.
BfS anerkjenner ingen dogmer og heller ingen autoritetar. Marxismen, leninismen, marxismen-leninismen, maoismen og trotskismen hentar namna sine frå personar (Marx, Lenin, Mao, Trotskij) som levde og verka i ei etterkvart nokså fjern fortid og som forheldt seg til og analyserte samfunn som på mange måtar er nokså ulike dagens samfunn. Desse teoretikarane og politikarane bygde dessutan i stor grad på tidlegare tenkjarar og forskarar, og i tida etterpå har andre levert vesentlege bidrag til sosialistisk teori. Ein ser også at desse ”ismene” har blitt forstått og praktisert på svært ulike måtar av ulike parti, rørsler og regjeringar. Dei kan lett fungere som lukka tankesystem som stengjer for andre impulsar. Men dette er også avhengig av kva ein meiner med t.d. ”marxismen”. Dersom ein meiner summen av alle Marx sine skrifter (som var enorm; fleire planlagde arbeid rakk han dessutan ikkje å skrive; hadde han gjort det, ville ”marxismen kanskje hatt eit noko anna innhald), står ein overfor nokre problem: Kva skal ein vektleggje (mest), korleis skal ein anvende dette på vårt samfunn og vår tid, korleis skal ein stille seg til andre og seinare tenkjarar, korleis skal ein stille seg til nyare forskingsfunn dersom desse står i motstrid til Marx sine funn og teoriar o.a.? Samfunnsmessige endringar vil stadig krevje teoriutvikling. Marx kunne ikkje analysere dagens transnasjonale statsmonopolkapitalisme, for kapitalismen hadde ikkje nådd eit slikt utviklingssteg på hans tid. Miljøøydeleggjingane var heller ikkje aktuelle på same måte som i dag. BfS vél derfor å kalle den teoretiske plattforma som organisasjonen byggjer på for sosialistisk teori. BfS anerkjenner sjølvsagt Marx og Lenin som store sosialistiske tenkjarar, og byggjer på sentrale innsikter og analysar henta derifrå, men vil, qua organisasjon, stå fritt til å hente inspirasjon frå eit breitt spekter av sosialistisk tenking. Enkeltmedlemmer står sjølvsagt fritt til å etikettere eigen politisk posisjon som dei vil innanfor denne breie ramma (sosialistisk teori). BfS vil tilsvarande samarbeide breitt med ulike venstrekrefter, uavhengig av slike kategoriar og ”etikettar”.
For BfS er det framtidige idealsamfunnet (sjølv om vi ikkje trur at samfunnet nokon gong vil bli 100 prosent ideelt) eit samfunn utan utbytting, der folk får dekka behova sine og deltek solidarisk etter evne.
BfS definerer sosialisme som samfunnseige av produksjonsmidlane. Imidlertid finst det mange ulike eigedomsformer – statleg, fylkeskommunal, kommunal, arbeidareigde bedrifter, samvirkeordningar o.a. Små verksemder vil kunne drivast på privat basis. I ein overgangsfase er det viktigaste å sikre samfunnsmessig og demokratisk styring og kontroll over store verksemder, særleg bank, finans, infrastruktur og større industribedrifter. Det må innførast demokrati i det økonomiske liv. Det vil seie at arbeidarane sine ønske og deira vilje på dei ulike arbeidsplassane må vere utslagsgjevande for dei avgjerslene som vert fatta om verksemdene (sjølvsagt under den føresetnad at dette ikkje er i motstrid til vitale samfunnsinteresser). På alle arbeidsplassar må det innførast arbeidarparlament der alle deltek.
Sosialistiske eigedomsformer, som først kan og bør innførast når folkefleirtalet viser vilje og evne til å gjennomføre ei slik samfunnsmessig omstrukturering og som berre har legitimitet så lenge det same folkefleirtalet sluttar opp om dette, er i seg sjølv ingen garanti for ”det gode samfunn”. Det avgjerande kriteriet vert om ei slik samfunnsordning verkeleg er betre skikka til å tilfredsstille menneske sine grunnleggjande behov (liv og helse, velvære, fridom, tryggleik, eit meiningsfullt liv o.a.) – og sikre viktige samfunnsmessige kvalitetar som sosial rettferd, ein bærekraftig miljøpolitikk og økonomisk velstand. Slike eigedomsformer er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel.
BfS meiner at sosialistiske eigedomsformer er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår for å sikre ”det gode samfunn”. Vi stiller i den samanheng tre krav til sosialismen:
- Humanisme. Med humanisme forstår vi mennesket si verkeleggjering som menneske gjennom frigjering, særleg frå all framandgjering, utbytting og undertrykking. Menneske må få dei beste vilkår for allsidig utfalding og forming ut frå personlegdom, evner, interesser og behov. Humanismen må vere ein nøktern og opprørsk kamp for menneskeleg verde (”verdighet”). Ein praksis og mentalitet om at føremålet heiligar middelet, eller at andre menneske er til for å oppnå mål som ikkje er deira eigne, er ikkje humanistisk. Krig og opprusting er humanismen sin ultimative motpol. Sosialismen må vere humanistisk!
- Økologi. Dersom dei noverande miljøøydeleggjingane held fram i same tempo og omfang, risikerer vi at jordkloden ikkje vil vere ein leveleg stad å opphalde seg på for etterkommarane våre. Og vi vil tømme lagerressursane. Dei må difor stoppast og, i den grad dette er mogeleg, reverserast. Eit krav i økologisk etikk må vere at kvar generasjon ikkje etterlet jorda i dårlegare forfatning, frå ein økologisk synsvinkel, enn då dei overtok. Men det hastar; snart kan det vere for seint. Vi har berre éi jord, og har eit djupt etisk ansvar overfor dei som kjem etter oss. Sosialismen må vere økologisk,
dvs. miljømessig bærekraftig.
- Demokrati. Demokrati tyder folkestyre; at vanlege menneske har reell innverknad på sin eigen livssituasjon og livsomstende og at folkefleirtalet skal avgjere politikken. Dei røysteføre i ulike valkrinsar må trekkast sterkare inn i valprosessane. Ei ordning som i særskilde tilfelle mogeleggjer tilbakekalling av det mandatet som ein representant fekk ved val bør utgreiast, likeins spørsmål som gjeld politikarløner. Det direkte demokratiet må styrkast også på andre måtar, t.d. ved at ein i større grad opnar opp for folkeavrøystingar i saker som høver for dette. BfS ser på SN (bokm. FN) sine to konvensjonar – om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) og sivile og politiske rettar (SP) – som grunnleggjande for å skape eit sant demokrati. Gode levekår, utdanning, kulturtilbod o.a. – som er jamnt fordelt – er nødvendige vilkår for reelt demokrati, på same måte som sivile og politiske rettar – ytrings- og forsamlingsfridom, frie og hemmelege val, fridom frå forfølgjing og diskriminering på politisk, religiøst eller livssynsmessig grunnlag eller ut frå seksuell legning - er nødvendig for at eit samfunn skal vere demokratisk. Sosialismen må vere demokratisk!
Kampen for humanisme, økologisk bærekraft, demokrati – og det viktigaste av alt: freden! – er ikkje ein spesifikk sosialistisk kamp. I striden for desse verdiane vil også progressive menneske med eit borgarleg utgangspunkt kunne yte viktige bidrag. For BfS er forholdet mellom sosialisme og desse verdiane dialektisk. Sosialistisk politikk og eit sosialistisk samfunn vil verke fremjande på slike verdiar. Men kampen for desse verdiane kan også sjåast på som steg i sosialistisk retning og som viktige vilkår for å kunne realisere sosialismen som samfunnsform. Dette gjeld t.d. utvida demokrati (økonomisk demokrati).
BfS sin sosialismevisjon er såleis humanistisk, økologisk og demokratisk. Dette kan kallast HØD-sosialisme (eller, om ein vil, HØD-kommunisme).
Hovudveikskapen ved dei sosialistiske samfunna som verda hittil har sett, har vore demokratiske manglar, demokratiunderskot. Fleire av desse landa hadde (og har) viktige kvalitetar m.o.t. sosial velferd, utjamning, sosial tryggleik o.a., og har fungert som motkrefter i forhold til vestleg imperialisme. På grunn av ytre press og motarbeiding, på grunn av manglande demokratiske tradisjonar før revolusjonane og på grunn av indre systemfeil og subjektive mistak, rasa sosialismen saman som eit korthus i fleire av desse landa – med minimal folkeleg motstand. Sosialismen hadde ikkje lenger brei folkeleg oppslutning, ml.a. avdi ein ikkje makta å innfri menneska sine varierte og veksande behov, ønske og forventningar. Spørsmålet ”Kvifor forsvarte ikkje dei russiske arbeidarane revolusjonen?” er grunnleggjande her. Det samfunnet som vart skapt med den russiske revolusjonen overlevde intervensjonskrigar i sine første år og den 2. verdskrigen. Men etter oml. 70 år, som ei av verda sine to supermakter, overlevde ikkje regimet folket si misnøye og ei likegyldig innstilling til det samfunnssystemet som var bygd opp. Mykje av grunnlaget for denne miséren vart lagt under det despotiske og autoritære regimet under Stalin. I tillegg til demokratiproblemet sleit systemet med ineffektivitet, og kommandoøkonomien kom til kort ved overgangen frå ekstensiv til intensiv produksjon (den vitskapleg-tekniske revolusjon). Morgondagens sosialisme må bli annleis – HØD-sosialisme basert på samfunnsmessig eige av produksjonsmidlane!
Likevel er det uråd å designe sosialismen på førehand, og konkrete samfunnsmessige forhold, politiske maktforhold, internasjonale relasjonar og prosessar vil spele inn. Det einskilde land må også finne sin veg til sosialismen, utan at slik relativisme bør førast for langt. Uansett er det vanskeleg å tenkje seg sosialisme i Norge utan tilsvarande prosessar i vår del av verda. Overgangen til sosialismen må vere fredeleg, basert på folkefleirtalet sin vilje og kraft.
Klassekampen er internasjonal, og kampen for sosialismen er i sin karakter internasjonal, sjølv om han føregår innanfor nasjonalstaten sine rammer. BfS legg avgjerande vekt på internasjonal solidaritet, og BfS er ein sjølvstendig del av den sosialistiske verdsrørsla. Sosialistar sin kamp i andre land er vår kamp, og vår kamp er deira kamp. Undertrykking, utbytting og sosial urettferd angår oss, uansett kvar dette føregår på jordkloden!
BfS forstår ikkje sosialisme berre som eit fjernt framtidsmål, men også som ein prosess – mot større sosial og økonomisk utjamning, mot utvida demokrati, mot velferdsreformer som gagnar folk flest o.a.
Den moderne og framtidsretta sosialismen sitt verdifundament – som BfS fullt ut sluttar seg til og vil kjempe for, er såleis:
- Sosial rettferd og likskap
- Solidaritet
- Humanistiske verdiar
- Økologiske verdiar
- Demokratiske verdiar
- Fredsverdiar
Utgangspunktet er kampen for ei betre verd. Denne kampen er også meiningsfull sett frå ein eksistensiell synsvinkel. Det er ein meiningsfull måte å bruke livet sitt på – i eit tid og eit samfunn prega av meiningsløyse, overflatisk og tom materialisme og egoisme.
I tråd med dette verdifundamentet aksepterer ikkje BfS diskrimering og uønskt forskjelsbehandling basert på rase, etnisitet, kjønn eller seksuell legning. Vi vil kjempe mot all rasisme og framandfrykt, og for full likestilling mellom kjønna.
Sjølv om det sosialistiske verdifundamentet har blitt sterkt understreka over, er det likevel viktig å ha klart for seg at klassekamp er interessekamp. Det er ulike klasseinteresser som står mot einannan. Sosialistisk politikk, og eit sosialistisk samfunnssystem, vil støyte mot mektige motkrefter, representert ved høgre- og kapitalkreftene. Men klassekampen føregår både på det økonomiske, politiske, kulturelle og ideologiske nivå. I denne striden er det viktig å vinne det ideologiske hegemoniet.
Til toppen av siden
4. EIN ORGANISASJON AV EIN NY TYPE: BFS SINE MÅL, OPPGÅVER OG ARBEIDMÅTAR
BfS er ikkje eit politisk parti, men ei rørsle av nettverkskarakter samansett av personar som er medlemmer av parti på venstresida eller som er partipolitisk uavhengige. Vår politiske minimumsplattform representerer synsmåtar som radikale sosialdemokratar, venstresosialistar og demokratiske kommunistar kan slutte seg til. Vi avgrensar oss overfor krefter som ikkje ønskjer grunnleggjande samfunnssendringar, som ikkje går inn for eit framtidig brot med det kapitalistiske samfunnssystemet og som ikkje stiller seg kritisk til ein USA- og NATO-venleg utanrikspolitikk (høgresosialdemokratiet representerer ein slik politikk), men også overfor sekteriske, dogmatiske og autoritære retningar på venstresida, meir spesifikt særleg stalinisme. BfS vil vere ein møteplass og katalysator for menneske som støttar ein slik radikal sosialistisk politikk, og vil samle menneske frå ulike politiske tradisjonar og politiske og sosiale miljø til felles kamp. BfS har i dag medlemmer frå dei aller fleste av venstrepartia og –grupperingane.
BfS sin visjon og framtidsmål er (sjå omtale over) eit samfunn med felleseige av produksjonsmidlane og ein sosialisme tufta på humanistiske, økologiske og demokratiske verdiar. Dette er verdifundamentet vårt.
Dei viktigaste sakene til BfS er knytt til sosial rettferd og likskap – sosial utjamning, fred og nedrustning og ein bærekraftig miljøpolitikk. I og med at dette er spørsmål som angår menneske i alle land, er internasjonalt solidaritetsarbeid eit viktig element i arbeidet vårt.
BfS sine prioriterte praksisområde er einskapspolitikk, arbeid med sosialistisk ideologi/teori og politisk aktivisme.
Det einskapspolitiske arbeidet går ut på å samle ein størst mogeleg del av venstresida i samband med parlamentariske val, i tverrpolitiske organisasjonar og i samband med aksjonar, demonstrasjonar, debatt o.a. Samla kan venstresida bli ein reell maktfaktor, splitta vil ho kunne bli makteslaus.
Det ideologisk/teoretiske arbeidet omfattar utvikling av sosialistisk teori og nytenking, å byggje opp ein kunnskapsbase som kan vere til nytte for sosialistar, å spreie slike tankar og å fremje og delta i sosialistisk debatt. Det gjeld om å heve det sosialistsike medvitet, om å vinne det kulturelle hegemoniet.
Aktivisme er konkret arbeid med saker som har sosialistisk relevans og deltaking i progressive organisasjonar. Slik aktivisme kan strengt teke ikkje skiljast klart frå dei to forrige punkta.
BfS sitt politiske prosjekt kan synleggjerast ved hjelp av figuren på neste side, der ”taket” representerer visjonane/verdiane, ”søylene” er dei viktigaste sakene og ”golvet” eller fundamentet er prioriterte praksisområde.
Utvalde element i BfS sin arbeidsmetodikk er:
- BfS vil fungere som tankesmie, ”think tank” på norsk venstreside, og vil arbeide opp mot og saman med andre tilsvarande miljø
- BfS vil ta i bruk den mest avanserte teknologi (IKT o.a.) i organisasjonsarbeidet (t.d. elektroniske mailinglister)
- I tillegg til tradisjonelle møte vektlegg BfS uformelle møteformer med diskusjon, kultur og kameratsleg samvær. Vi kallar dette BfS-treff.
- BfS gjev ut og distribuerer eit sosialistisk magasin, Sosialistisk Fremtid (SF)
- BfS vil skape og vedlikehalde eit politisk og sosialt miljø som er inkluderande, ivaretakande og kameratsleg
- BfS legg stor vekt på deltaking i tverrpolitiske organisasjonar og i fagrørsla
- Det vert forventa at BfS-medlemmer også melder seg inn i og er aktive i andre organisasjonar på venstresida (politiske parti, tverrpolitiske organisasjonar, fagrørsle)
- BfS driv eit ope elektronisk debattforum
- BfS-medlemmer skriv og får distribuert politiske debattinnlegg til media
- Politiske utspel frå BfS vert vidareformidla til andre organisasjonar som står BfS nært
- Ved val går BfS ut med appellar om felleslister, forslag om valforbund o l.
Til toppen av siden
5. NOKRE VANLEGE SPØRSMÅL OM BFS
Finst det ikkje alt nok parti og organisasjonar på venstresida? BfS ønskjer å bidra til å bryte ned dei tradisjonelle skiljelinene mellom desse, og vil medverke til auka einskap, meir samarbeid, samvirke, kontakt og samhald på venstresida.
Er BfS maxistisk eller marxist-leninistisk? BfS har medlemmer som reknar seg som både marxistar og leninistar – og medlemmer som ikkje gjer det. BfS som organisasjon byggjer på sosialistisk teori, og meiner at det er feil å avgrense seg til éin eller to utvalde sosialistiske teoretikarar som har bakgrunn og som verka i ein bestemt tidsbolk og i eitt bestemt samfunn. Sosialistisk teori må vere ei lære i stadig utvikling og fornying, og må ta utgangspunkt i den aktuelle samfunnsmessige røyndommen. BfS er såleis ikkje – som organisasjon - ”marxistisk” eller ”leninistisk” dersom ein avgrensar slike ”isme-kategoriar” til eit lukka tankesystem, avgrensa av dei nemnde teoretikarane sine skrifter. Sjå elles drøfting av dette ein annan stad i dokumentet.
Er BfS sosialdemokratisk, venstresosialisisk eller kommunistisk? BfS har medlemmer som vil plassere seg sjølv – individuelt – i alle desse tre kategoriane. Men det er misvisande å kalle BfS som organisasjon for sosialdemokratisk, venstresosialistisk eller kommunistisk (desse nemningane har elles skiftande og varierte meiningsinnhald). BfS er ein organisasjon som representerer ein radikal sosialisme – samfunnseige av produksjonsmidlane med vektleggjing av humanistiske, økologiske og demokratiske verdiar. Vi kan kalle dette for HØD-sosialisme (eller, om ein vil, HØD-kommunisme). BfS byggjer på det beste og mest avansert i sosialistisk teoretisk tenking, og tek elles utgangspunkt i analyse av dagens samfunn.
Er BfS feministisk? BfS er feministisk i den forstand at vi fullt ut støttar kampen for full likestilling mellom kjønna på alle livsområde. Vi tek på det sterkaste avstand frå all kjønnsbasert diskriminering, og ser at kvinnene som gruppe historisk har blitt tildelt minst av samfunnet sine goder, og mest av børene. BfS er likevel ikkje feministisk dersom dette vert forstått slik at motsetningane mellom kjønna er grunnmotsetninga i samfunnet og det altoverskyggande politiske spørsmålet. BfS ser på undertrykking og diskriminering av kvinner i eit klasseperspektiv, og forstår dette som uttrykk for klassesystemet sin ”logikk”. Men kjønnsundertrykking og –diskriminering har også djupe kulturelle røter, og kamp mot dette kulturelle ”etterslepet” støttar vi på det sterkaste.
Er BfS anti-religiøst? BfS har medlemmer med ulikt livssyn – ikkje-religiøse og religiøse. BfS respekterer ulike syn på slike spørsmål, og ønskjer å sameine religiøse frå ulike trussamfunn og ikkje-religiøse til felles kamp for sosialismen.
Byggjer BfS på demokratisk sentralisme? BfS legg avgjerande vekt på opne og demokratiske prosessar og fri diskusjon, og byggjer helst vedtak på konsensus – ein når fram til semje som følgje av diskusjon og meiningsutveksling. Når det likevel er nødvendig med avrøystingar er det sjølvsagt fleirtalsviljen som råder, og vedtak i høgare organ er bindande for lågare instansar – dersom demokratiske prosedyrar har blitt følgde. Demokrati, organisasjonsdisiplin og bidrag frå moderne organisasjons- og gruppeteori er viktige stikkord for organisasjonspraksisen. Demokratisk sentralisme vart innført i ei tid og i eit samfunn prega av høg analfabetisme og borgarkrigsliknande tilstandar, og kan lett komme til å fungere autoritært, udemokratisk og sentralistisk. Dette er ikkje BfS sin organisasjonsmodell. Grunnprinsippa i demokratisk sentralisme verkar likevel sunne, når dette vert praktisert på ein ideell måte. Val av organisasjonsmodell kan elles ikkje føregå utan å trekke inn ei rekke kontekstuelle forhold; ei situasjonsbasert tilnærming gjev størst fleksibilitet, er mest effektiv og er også ofte det mest demokratiske.
Kvifor går de ikkje inn i DNA? BfS har medlemmer som er med i DNA; andre er med i andre politiske parti eller er partipolitisk uavhengige. BfS har eit radikalt sosialismesyn som DNA som parti ikkje står for i dag. Derimot finst det enkeltpersonar og miljø i dette partiet som deler BfS sitt syn. BfS distanserer seg imidlertid sterkt frå høgresosialdemokratiet, som ikkje støttar kampen for radikale samfunnsendringar, som jamvel har medverka til svekking av velferdsordningar og som godtek NATO-tilknytninga og USA-imperialismen. Venstresida i DNA har imidlertid på ulike måtar vore ei progressiv kraft i norsk politikk.
Kvifor går de ikkje inn i SV? BfS har medlemmer som er med i SV; andre er med i andre politiske parti eller er partipolitisk uavhengige. SV vil uansett ikkje kunne samle heile den norske venstresida, og få gjennomslag for politikken sin, åleine. For å oppnå sistnemnde må SV gå saman med andre venstrekrefter.
Kvifor går de ikkje inn i RV? BfS har medlemmer som er med i RV; andre er med i andre plitiske parti eller er partipolitisk uavhengige. RV vil uansett ikkje kunne samle heile den norske venstresida, og vil ikkje kunne få gjennomslag for politikken sin åleine. For å oppnå sistnemnde må RV gå saman med andre venstrekrefter.
Kvifor konsenterer ikkje BfS seg om arbeid i dei politiske partia for å få gjennomslag for politikken sin på denne måten? Mange BfS-arar er medlemmer i andre politiske parti på venstresida, og har dermed innverknad på politikkutforminga der. På denne måten får vi også høve til å delta i parlamentarisk arbeid. Men parlamentarisk arbeid er ikkje den einaste arenaen for politisk verksemd; utanomparlamentarisk arbeid kan vere viktigare. BfS vil leggje hovudvekta på utanomparlamentarisk verksemd, og særleg på ”den ideologiske klassekampen”. Det er såleis ei slags ”arbeidsdeling” her. Når andre parti på venstresida oppnår gode valresultat, og får gjennomslag for sin politikk i parlamentariske organ, ser vi på dette også som vår framgang og siger.
Dersom BfS ikkje er eit politisk parti – kva slags organisasjon er det då? BfS er ein tverrpolitisk organisasjon på sosialistisk grunn. Minste felles multiplum er det sosialistiske grunnsynet, slik dette kjem til uttrykk i dette dokumentet. Målet vårt er sosialismen. Frå eit slikt perspektiv kan ein seie at BfS er venstresida sitt svar på Nei til EU. BfS er ei rørsle som har utprega nettverkskarakter.
Skapar dobbeltmedlemskap i BfS og andre politiske organisasjonar lojalitetskonfliktar? BfS-medlemmer har så langt ikkje opplevt dette som noko problem. BfS sin politiske plattform framgår av dette dokumentet. Dei som opplever at dei kan slutte seg til ei slik plattform og samstundes ikkje har problem med å arbeide ut frå same politisk-ideologiske grunnlag i andre organisasjonar som dei tilhøyrer, har ein naturleg plass i BfS. Lojalitetskonfliktar kan i prinsippet også tenkjast å oppstå i samband med prioritering av arbeidsinnsats. Men her står den enkelte fritt til å velgje kvar han/ho vil leggje hovudtyngda av energi, innsats og engasjement: I BfS eller i andre organisasjonar som ein er medlem i. Heller ikkje dette har vist seg å vere problematisk.
Til toppen av siden
6. DEN SOSIALISTISKE ARVEN: GLIMT OG BROTSTYKKE AV TENKING, PRAKSIS, ORGANISASJONAR OG SAMFUNN SOM HAR SOSIALISTISK RELEVANS
6.1. Tenking og teori
6.1.1. Utopisk sosialisme
Tankar, førestillingar og draumar om eit sosialistisk samfunn er gamle. Desse vart først systematisk utforma av dei såkalte utopiske sosialistane, dvs. før-marxistiske sosialistiske tenkjarar (Thomas Moore, 1448-1535; Saint-Simon, 1760-1825; Fourier, 1722-1837; Robert Owen, 1771-1858 o.a.). Ein finn her ein skarp kritikk av det kapitalistiske samfunn og ei forståing av at maskinindustrien ville kunne frigjere menneska frå naud og elende. Dei utvikla dei første prinsippa i den materialistiske historieoppfatninga, krevde kvinnene si frigjering, samfunnsmessig oppseding av barna, avvikling av den sosiale skilnaden mellom åndeleg og fysisk arbeid og mellom by og land o.a.
6.1.2. Marx og Engels
Med Karl Marx (1818-1883) og Fridrich Engels (1820-1895) oppsto marxismen. (Framstillinga tek her i stor grad utgangspunkt i Arbeidernes leksikon, men også anna marxistisk litteratur). Tankane deira må forståast på bakgrunn av dei samfunnsmessige forholda i midten av det 19. århundre (industrikapitalisme) og rørsler i europeisk kulturliv på den tida. Britisk sosialøkonomi, utopisk sosialisme i Frankrike og klassisk filosofi i Tyskland var sentrale inspirasjonskjelder. Inntrykk frå revolusjonsrørsler, særleg i Frankrike, spelte også ei viktig rolle. Marx var først og fremst revolusjonær: Det kapitalistiske samfunn og dei statsinstitusjonar som det har skapt, må styrtast og arbeidarklassen må frigjere seg ved at klassen kjem til medvit om føresetnadene for sin frigjeringsprosess, og må skape eit klasselaust samfunn.
I ungdomsskriftene sine utvikla Marx framandgjeringsteorien: Arbeidaren vert under kapitalismen framandgjort frå seg sjølv, frå arbeidsprosessen, arbeidsproduktet og frå sine medmenneske.
Dialektisk materialisme er eit anna sentrale element i marxismen. I filosofisk idealisme vert tenking (ånd) forstått som noko som kom før røyndommen, og ånda vert såleis oppfatta som det primære. I filosofisk materialisme forstår ein dette motsett; at røyndommen kom før tenkinga (ånd) og at førstnemnde er primært. Med materie forstår ein i filosofien det same som røyndommen, alle dei ting som verkeleg (objektivt) eksisterer, i motsetning til det som berre finst i fantasien eller i tankane. Dialektikk er læra om dei allmenne rørsle- og utviklingslover for naturen, menneskesamfunnet og tenkinga. I dialektisk materialisme (i motsetning til mekanisk materialisme) vert tinga og deira omgrepsmessige avbildingar oppfatta i sin samanheng, heilskap, samanfletting, rørsle, oppståing og undergang. Alle ting inneheld motseiingar, kan vise heilt motsette eigenskapar alt etter det synspunkt ein ser dei frå, og alt etter dei vekselverknader dei inngår i. Det er slike motseiingar som er drivkrefter for all utvikling. Ei sprangvis utvikling skjer aldri utan at denne har vore førebudd gjennom ei gradvis utvikling, som dernest vert etterfølgt av ei ny gradvis utvikling. Kvantitative endringar av ein viss storleik vert etterfølgt av kvalitative endringar. Erkjenning vert utvikla ved å gripe inn i røyndommen og endre denne.
Den dialektiske materialismen brukt på menneskesamfunnet si utvikling vert kalla historisk materialisme eller materialistisk historieoppfatning. Utgangspunktet for dette historiesynet er at ”mennesket må ete og drikke før det kan filosofere”, dvs. det må sikre seg eksistensmidlar som mat, drikke, bustad, klede o.a. For å sikre seg dette må mennesket utfalde ei aktiv og praktisk verksemd i ein stoffskifteprosess med naturen. Dette skjer alltid i samarbeid med andre menneske som ein sosial prosess. Etter Marx sitt syn er produktivkreftene si utvikling den grunnleggjande faktor i den historiske utviklinga. Produktivkrefter er arbeidsmidlar i vidaste forstand, dvs. både arbeidsreiskapar og menneska sin eigen tekniske dugleik. Produktivkreftene si utvikling legg grunnlaget for stadig nye produksjonsforhold, som er menneska sin sosiale organisasjon under arbeidsprosessen. Det rettslege uttrykket for produksjonsforholda er eigedomsforholda. Når produksjonen gjev større avkasting enn det som er absolutt nødvendig for ernæring og formeiring, oppstår arbeidsdeling og klassedeling, og grunnlaget vert lagt for klassekamp. Dei herskande klassar må oppretthalde makta si med vald, og skaper difor eit statsapparat. I og med at produktivkreftene stadig utviklar seg, støyter desse stadig an mot eksisterande produksjonsforhold, som til sist vert sprengt og erstatta med nye. Ved framveksten av industisamfunnet vart såleis føydalismen sprengt som samfunnssystem. Historisk kjenner vi til følgjande samfunnsformasjonar: Urkommunismen, slavesamfunnet, føydalismen, kapitalismen og sosialismen. Marx skreiv at all historie er historia om klassar og klassekamp: Fri mann og slave, patrisiar og pleibeiar, baron og liveigen, laugsborgar og svein, kapitalist og arbeidar. Marx og Engels såg på dei politiske og juridiske systema og alle formene for åndsliv som ei overbygning over produksjonsforholda (som vert kalt basis) og noko som såleis skiftar med ulike produksjonsforhold. Men overbygninga verkar også attende på dei økonomiske forholda. Dei økonomiske forholda er i siste instans avgjerande.
Marx si økonomiske lære, verditeorien i politisk økonomi, tek utgangspunkt i at det kapitalistiske samfunn skiljer seg frå tidlegare samfunnsformer først og fremst ved at det er eit vareproduserande samfunn, dvs. produksjonen føregår ikkje for direkte forbruk, men som ein produksjon av varer til sal på ein varemarknad. Alle økonomiske forhold får dermed ei prisform, og varene sin pris vert uttrykt i pengar. Alle varer er produkt av menneskeleg arbeid: Sjølve arbeidet med vara i produksjonsprosessen, produksjon av arbeidsreidskapar og bearbeiding av råstoff. Vara sin verdi vert bestemt av den arbeidsmengda som er lagt ned. Arbeidskrafta sin eigen verdi er, som andre varer, bestemt av den mengde arbeid som er nødvendig for å oppretthalde arbeidskrafta. Marx gav skilnaden mellom arbeidet sitt verdiprodukt og arbeidarane sine løner nemninga meirverdi, dvs. den meirverdi som arbeidarane framstiller ved ytingane sine utover den verdi som er påkrevd for dekking av deira eige underhald. Kapitalistane innkasserer ein nettogevinst; det er dette som vert kalla utbytting av arbeidskrafta. Prisen på dei enkelte varene svarer til verdien av den anvendte faste kapital og det forbrukte råstoff (den konstante kapitaldel) pluss dei utbetalte arbeidsløner (den variable kapitaldel) pluss profitten. Men det er også andre forhold som verkar inn på prisfastsetjinga. Den kapitalistiske vareproduksjonen sine lover dannar på den eine sida grunnlaget for ei gigantisk utfalding av alle produktivkrefter, men framskaffar på same tid samfunnsmessige motseiingar (overproduksjonskriser, arbeidsløyse o.a.).
6.1.3. Lenin
Lenin (1870-1924), russisk politikar og marxistisk teoretikar, er mellom anna kjend for teorien om imperialismen, partiteori, synet hans på staten og revolusjonen og erkjenningsteori.
For Lenin er imperialismen kapitalismen på det utviklingstrin då monopola og finanskapitalen sitt herredømme er skapt, då kapitaleksporten har fått svært mykje å seie, då verda si oppdeling mellom dei internasjonale selskapa er begynt og oppdelinga av jorda sitt heile territorium mellom dei største kapitalistiske landa er avslutta. I boka Imperialismen vert dette systemet analysert frå ein økonomisk, historisk og politisk synsvinkel.
Lenin utarbeidde også prinsippa for demokratisk sentralisme, som er det leiande prinsipp for den organisatoriske oppbyggjinga av eit kommunistisk parti. Demokratisk sentralisme går ut på følgjande: 1) Tillitspersonar til ulike verv i ulike partiorgan på ulike nivå vert valde på fellesmøte av partimedlemmer, på partikonferansar og kongressar. 2) Partiorgan avgjev regelmessig meldingar til medlemmene. 3) Dei høgare partiorgan og avgjerslene som vert fatta der, er forpliktande overfor dei lågare og streng disiplin råder. Partiet skulle vere arbeidarklassen sin fortropp og bestå av dei mest medvitne frå arbeidarklassen, ein elite.
I Staten og revolusjonen meisla Lenin, med utgangspunkt i Marx, ut sitt syn på staten sin klassekarakter - staten er eit reidskap for den herskande klasse – og spesielt staten si rolle og funksjon under sosialismen, som overgangsfase til kommunismen. I denne politiske overgangsfasen må staten vere proletariatet sitt revolusjonære diktatur. Staten kan først døy bort når det føreligg bestemte vilkår, dvs. under kommunismen. Boka var skriven før revolusjonen i 1917.
Lenin er elles kjend for publikasjonar om emne som sosialistisk taktikk og strategi, materialismen og empiriokritisismen, einskapspolitikk, kulturpolitikk, nasjonal politikk o.a. Lenin si lære vert kalla leninisme, men mest vanleg er nemninga marxismen-leninismen, som understrekar at Lenin bygde vidare på marxismen. Lenin retta harde åtak mot politiske meiningsmotstandarar i ei polemisk og skarp form, t.d. ”revisjonistar”, ”venstreavvikarar” og anarkistar.
6.1.4. Maoismen
Maoisme er ein variant av kommunistisk ideologi som byggjer på Mao Zedong (1893-1976) sine skrifter om samfunnsteori og og revolusjonær strategi og praksis. Maoismen har element av gammal kinesisk tenking og kulturarv, men byggjer teoretisk på Marx, Lenin og Stalin. Mao sine tankar om geriljakrig var lenge rekna som Mao sitt mest originale bidrag til revolusjonsteorien. Eit hovudpunkt i maoismen er at revolusjonen må halde fram, avdi det føregår ein klassekamp også under sosialismen; borgarlege element vil liggje latent og må tynast. Middels velståande og fattige bønder må kjempe saman med arbeidarane og revolusjonære borgararar, og slik klassekamp må vere leia av det kommunistiske parti, som byggjer på den demokratiske sentralismen. Venstre- og høgreavvik er støtt ein fare, og må bekjempast ved hjelp av kritikk og sjølvkritikk. Maoismen i Kina la stor vekt på jordbruket og bondemassane, og dessutan på lokal sjølvråderett og sjølvberging. Sistnemnde kjenneteiknar også Juche-ideologien i Nord-Korea. Kulturrevolusjonen står sentralt i maoismen. Føremålet er å inspirere til eit sterkare folkeleg etisk engasjement og ei fornying av den revolusjonære heroismen. Viljen til eksperimentering kjenneteiknar maoismen sin sosialfilosofi. Maoismen vart utbygd som ei internasjonal rørsle med søsterparti i mange land.
6.1.5. Stalinismen
Det er ikkje vanleg å rekne stalinisme som eit sjølvstendig sosialistisk teorisystem. Det er snarare ei nemning som karakteriserer Stalin (1879-1953) sine politiske metodar og styret i Stalin-tida. Det er tale om maktkonsentrasjon på høgste hald, omsynslaus og despotisk maktutøving og persondyrking, bruk av harde midlar for å bekjempe alle tendensar til sjølvstendig tenking og handling o.l.
6.1.6. Trotskismen
Trotskismen er ei politisk retning som har sitt utspring i Lev Trotskij (1879-1940) sine politiske idéar. Trotskij var russisk revolusjonær politikar og marxistisk teoretikar. I konkurranse med den Stalin-dominerte Komintern tok Trotskij initiativet til den 4. internasjonale, som vart skipa i 1938. Trotskistane kritiserte dei byråkratiske og autoritære trekka ved den Moskva-orienterte kommunismen, og avviste tesen om sosialismen i eitt land. Det einaste som kunne berge sosialismen i Sovjetunionen var etter Trotskij sitt syn at det også oppsto sosialistiske revolusjonar i andre land, og til sjuande og sist verdsrevolusjonen. Trotskij meinte at revolusjonen måtte vere permanent (tesen om den permanente revolusjon). Sjølv om Lenin skarpt kritiserte mange av Trotskij sine synspunkt, hadde han vørdnad for mannen sine eigenskapar, og striden førte aldri til noko brot mellom dei. Etter Lenin sin død vart han den argaste konkurrenten og utfordraren til Stalin og hans politiske line.
6.1.7. Anarkismen
Anarkismen (av gr. an = mangel på, arche = regjering) er sidan Proudhon ( 1805-1865) nemninga på den sosiale lære, som tek sikte på å skape ei samfunnsordning med størst mogeleg individuell fridom og størst mogeleg mangel på all slags styresmakter. Anarkistane minner om dei utopiske sosialistane - dei søker etter ein fullkommen sosial organisasjon med utgangspunkt i eit abstrakt prinsipp. Anarkismen har blitt kritisert for at den i sitt sosiale innhald meir uttrykker småborgarskapet sin individualistiske radikalisme enn proletariatet sin klassekamp. Men i mange land har anarkistane hatt monaleg innverknad på den klassemedvitne del av arbeidarklassen og har spela ei viktig rolle i sosiale protestrørsler. Opposisjonen mot formalismen i fagrørsla og overdriven vektleggjing av parlamentarisme har også vore eit viktig bidrag. Dette har særleg komme til uttrykk i den revolusjonære syndikalismen (jfr. nemninga anarko-syndikalisme). Anarkistane har også stilt statsproblemet i forgrunnen. Anarkismen har røter i tenking lenge før kapitalismen oppsto, t.d. i stoisisme og naturretten. Sjølv om det har blitt peikt på teoretiske manglar og veikskapar i anarkismen, har anarkistar levert viktige analysar. I tillegg til ovanfornemnde har dei retta søkelyset mot privateigedommen (”eigedom er tjuveri”), kva røysteretten har å seie for arbeidarklassen si frigjering (Bakunin, 1814-1875) og moralfilosofi (Kropotkin, 1842-1921). I økonomisk politikk går anarkistane inn for små lokale økonomiske grupper, dei er tilhengarar av desentralisert småproduksjon, dei vil gje dei ulike økonomiske einingane størst mogeleg sjølvstende og oppretthalde småbedriftene. Avdi dei er i mot all herskemakt, avviser dei proletariatet sitt diktatur og demokratisk sentralisme. Arbeidsmåten er ofte spontane aksjonar, og denne retninga har blitt kritisert nettopp for spontanisme.
6.1.8. Syndikalismen
Syndikalisme er den opposisjonsrørsla som dels var retta mot sosialdemokratiet, og dels mot det faglege byråkrati og dei gamle fagforeiningsmetodar, som oppsto i Frankrike i slutten av det 19. århundre og som i byrjinga av det 20. århundre breidde seg til mange land. Ordet ”syndikat” tyder opphaveleg fagforeining. Mange syndikalistar meiner at dei er dei eigentlege arvtakarane av Marx, andre viser tydeleg slektskap med anarkistane og vert gjerne kalla anarko-syndikalistar. Syndikalistane er spesielt kritiske til sosialdemokratisk klassesamarbeidspolitikk. Dei ser på fagrørsla som det heilt avgjerande våpen i arbeidarklassen sin frigjeringskamp. Det klassemessige grunnlaget har dei helst funne i dei dårlegast stilte lag av arbeidarklassen (ikkje-faglærte og arbeidslause) sin opposisjon mot det dei reknar som eit arbeidararistokrati. Ein av dei mest kjende syndikalistiske teoretikarane er den franske sosiologen Georges Sorel (1847-1922). Hovudidéen er å gjenopplive den reine, omsynslause klassekampen, som dei meiner er blitt skjemt av fagleg og politisk reformisme. Revolusjonen skal gjennomførast, og middelet er her generalstreiken. Det nye samfunnet skal vere eit frivillig samarbeid mellom fagleg-økonomiske organisasjonar. Både proletariatets diktatur (midlertidig sentralisert statsmakt) og anarkistane si oppheving av all regulerande statsmakt vert forkasta. Produksjonsmidlane skal bli felleseige, og ikkje berre eigedom for dei som arbeider med dei. Parlamentarisk arbeid vert avvist avdi dette fører til at arbeidarpartia tek opportunistiske omsyn, inngår uakseptable kompromiss og fjernar seg frå arbeidarklassen. Avdi parlamentarisk arbeid og partipolitisk verksemd vert tillagt så liten vekt, og fagforeiningsarbeid tilsvarande vert prioritert, kan ein også seie at syndikalismen er prega av økonomisme. Men økonomisme finn ein også igjen i andre retningar innan arbeidarrørsla og på venstresida. Aksjonar og streikar sin verdi ligg ikkje i dei konkrete resultata som vert oppnådd, men ved at dei sveisar arbeidarane saman, verkar som handlingspropaganda og skolerer arbeidarane for sluttkampen, som er generalstreiken. ”Direkte aksjon” vert parolen. Andre aksjonsformer er kjedestreikar, blokade, sympatistreik, boikott, etikette, obstruksjon og utanomparlamentarisk påtrykk på styresmaktene. Kampen vert bygd på lokale samorganisasjonar og industriforbund. Syndikalistane har også lagt stor vekt på antimilitær agitasjon. Syndikalismen har stått spesielt sterkt i romanske land. I Norden har retninga fått sterkast fotfeste i Sverige. I USA har syndikalistisk tankegods og praksis overlevt gjennom Industrial Workers of the World. Men syndikalistiske idéear og praksis har, uavhengig av syndikalistane sin organisatoriske styrke, prega arbeidarrørsla over store delar av verda på avgjerande måte.
6.1.9. Revisjonisme, reformisme og sosialdemokrati
Revisjonisme er eit straumdrag innanfor den internasjonale arbeidarrørsla som begynte å vinne oppslutnad kring 1900. Namnet kjem av at tilhengarane av denne retninga hevda at den marxistiske teorien på mange område var forelda, at utviklinga på fleire måtar hadde blitt annleis enn marxismen føresåg og at den såleis måtte fornyast (”reviderast”). Det vart reist tvil om den dialektiske materialismen og verditeorien var gyldig. Det vart hevda at den faktiske økonomiske utviklinga ikkje viste den tendens til kapitalkonsentrasjon som Marx hadde spådd. Det vart vidare peika på at samfunnsutviklinga ikkje viste tendensar til undergraving av mellomstanden sitt antal og samfunnsmessige stilling og heller ikkje nokon auke av arbeidarklassen, snarare tvert i mot, og at arbeidarklassen sine kår vart stadig betre. Sistnemnde viste, i følgje revisjonistane, at den marxistiske elendegjeringsteorien hadde slått feil. Gjennom sin aukande innverknad over dei demokratiske organa og fagforeiningane kan arbeidarklassen stadig tilkjempe seg større forbetringar innanfor ramma av det eksisterande samfunnssystemet og såleis gradvis omdanne det etter sine eigne interesser. Klassekampen har heller ikkje vist den forventa tendensen til skjerping, tvert i mot. Staten er ikkje berre eit undertrykkingsapparat overfor arbeidarklassen, men også eit organ som arbeidarane kan erobre og bruke for sine føremål. Den mest kjende eksponenten for denne retninga er Eduard Bernstein (1850-1932). Nemninga revisjonisme er i dag lite i bruk. Kanskje svarer analystisk marxisme (sjå under) til revisjonismen sitt opphavelege program.
Revisjonismen utvikla seg etter kvart til reformisme, ei retning innanfor arbeidarrørsla som søker å betre samfunnsforholda gjennom gradvise forandringar, ikkje ved revolusjon. Reformisme kan ta sikte på forbetringar innanfor det kapitalistiske samfunnet, men kan også sjå eit sosialistisk system som (slutt-)målet. Reformer, særleg strukturreformer, kan dessutan ha ein systemoverskridande karakter Ein kan sjå det slik at reformismen teoretisk særleg er utforma gjennom revisjonismen.
Reformismen har særleg stått sterkt i sosialdemokratiet. Nemninga ”sosialdemokrati” og ”sosialdemokratar” vart første gong brukt under den franske februarrevolusjonen i i 1848, og vart då nytta om radikale borgarlege republikanarar, men også sosialistar. Frå oml. 1870 og fram til 1918 vart ”sosialdemokrati” brukt som nemning på den politiske arbeidarrørsla og denne sine partiorganisasjonar. ”Sosialdemokratisk” og ”kommunistisk” var i dette tidsrommet på mange måtar synonyme nemningar. Etter første verdskrig oppsto det to klart fråskilde fløyar i arbeidarrørsla og på venstresida, kommunistar og sosialdemokratar, som samla seg i ulike parti og internasjonale samanslutningar og som begge erobra regjeringsmakt i ei rekke land. Revisjonismen vart sosialdemokratiet sitt teoretiske grunnlag i mange tiår framover.
Under følgjer nokre andre bidrag til sosialistisk teori som det er verdt å ha kjennskap til og reflektere over. Framstillinga er summarisk; det vert vist til litteraturlista nederst.
6.1.10. Rosa Luxemburg
Rosa Luxemburg (1870-1919) var tysk revolusjonær politikar og økonomisk-teoretisk marxist. Luxemburg såg det revolusjonære potensiale i utviklinga av proletariatet sitt klassemedvit, og ho tilrådde difor storstreiken som ein politisk metode. Ho kritiserte kommunistpartiet si byråkratisering og forsvarte såkalte borgarleg-demokratiske rettar som ytringsfridom o.a. Sosialismen må vere demokratisk og ikkje-autoritær!
6.1.11. Georg Lukács
Ungararen Georg Lukás (1885-1971) kritiserer teorien om naturen sin dialektikk og hevdar at dialektikken berre gjeld for den menneskelege verda. Det borgarlege samfunn og den borgarlege vitskap ser berre isolerte delar av den sosiale røyndommen, men ikkje korleis desse delane heng saman; ein får ikkje auge på totaliteten på grunn av arbeidet si spesialisering og atomiseringa i samfunnet. Mennesket er blitt objekt (tingleggjering). Proletariatet er den einaste klasse som kan oppfatte samfunnet som ein totalitet. Klassen kan og må utvikle eit medvit om seg sjølv som subjekt i den historiske forandringsprosessen. Lukács sine nye bidrag ligg i at han framheva Hegel sin subjekt-objekt-dialektikk, at han tok framandgjeringsproblematikken opp og at han inkorporerte ikke-marxistiske synspunkt i sin marxisme.
6.1.12. Karl Korsch
Den tyske sosialistiske politikaren og teoretikare Karl Korsch (1886-1961) brukte marxismen på analyse av marxismen si eiga utvikling. Han understreka at marxismen ikkje må isolerast frå den revolusjonære praksis (marxismen som teoretisk system må alltid stå i intim kontakt med den praktiske revolusjonære røyndommen) og at all dogmatikk og skolastikk må unngåast (marxismen må ikkje bli eit lukka og stivna tankesystem). Korsch hevda at ein må spørje seg kva for filosofi marxismen innerst inne byggjer på.
6.1.13. Antonio Gramsci
Antonio Gramsci (1891-1937), italiensk kommunistisk politikar og teoretikar, kritiserte II. Internasjonale sin marxisme for den dogmatiske trua på ei mekanisk utvikling. Han avviser den positivistiske og og evolusjonistiske marxismeoppfatninga. Han bygde synspunkta sine på den tidlege Marx sin meir Hegel-inspirerte dialektikk. Gramsci hella til rådskommunismen, der arbeidarane sine eigne masseorganisasjonar vart sett på som basis både i kampen mot den borgarlege stat og i det nye sosialistiske samfunn. Men han understreka også betydninga av eit samla revolusjonært parti. Han skilde mellom kapteinane, som styrer og og utarbeider den politiske strategi, og korporalane, som vidarebringer leiinga sine ordrar til soldatane. Men Gramsci understreka det han kalla ”organisk sentralisme” (i motsetning til ”demokratisk sentralisme”), som inneber at det må råde ein dialektikk mellom leiarane og dei leidde. Han var motstandar av å blande Marx si materialistiske historieoppfatning saman med den såkalte naturdialektikken, og han var særleg kritisk til Plekhanov (1856-1918) sin ”vulgærmaterialisme”. Han interesserte seg særleg for den subjektive sida, og var meir oppteken av ideologien og politikken si rolle enn av økonomien si betydning for samfunnsutviklinga og den revolusjonære strategi. Han er difor blitt kalt ”overbygninga sin teoretikar”. Spesielt analyserte han dei intellektuelle si rolle i samfunnet og i den revolusjonære strategi. Han skilde mellom ”tradisjonelle” og ”organiske” intellektuelle. Førstnemnde gruppe trur at dei står fritt i forhold til resten av samfunnet. Organiske intellektuelle inngår derimot i eit organisk samband med den klassen som dei uttrykker det kollektive medvitet til. Forholdet mellom dei sosialistiske intellektuelle og arbeidarklassen er ifølgje Gramsci dialektisk: Dei intellektuelle får materialet sitt frå arbeidarklassen si røynsle og gjev klassen til gjengjeld eit overgripande teoretisk medvit. Omgrepet ”hegemoni” er Gramsci sitt mest kjende bidrag til marxismen. Oppgåva til arbeidarklassen sine intellektuelle skulle nettopp vere å utvikle ein ideologi som kan framstillast som gyldig for heile samfunnet. Det er akkurat det borgarskapet har makta å gjere, slik at dei slepp å bruke valdsmakt for å oppretthalde klasseherredømmet sitt. Kampen for det ideologiske hegemoniet vert først og fremst ført innanfor ”det sivile samfunn”, eit omgrep som Gramsci brukte for å merke ut ein kulturell sfære mellom den økonomiske og den politiske sfære i samfunnet.
6.1.14. Praksismarxisme og humanistisk sosialisme
Praksismarxismen oppsto i fleire austeuropeiske land i 1960-åra. Uttrykket skriv seg frå Marx sitt praksisomgrep. Etter at Marx sine ”Økonomisk-filosofiske manuskript” vart utgjeve i 1932, var det blitt mogeleg for mange filosofar og samfunnsteoretikarar å utfordre den sovjetiske versjonen av marxismen og finne støtte i Marx for denne utfordringa. I Frankrike utvikla Jean-Paul Sartre (1905-1980) ein fenomenologisk grunngjeven marxisme, der Marx sin meir humanistiske synsvinkel i ungdomsskrifta hans spelte ei viktig rolle. Bakgrunnen for at praksismarxismen oppsto var konflikten mellom Stalin og Tito (1892-1980) og utestenginga av Jugoslavia frå Kominform i 1948. Ei gruppe filosofar utvikla ein ”jugoslavisk marxisme” som sto i opposisjon til den sovjetiske marxismen-leninismen. I denne praksismarxismen spelte idéane om arbeidarråd og sjølvstyre ei viktig rolle, noko som høvde godt med den unge Marx si understreking av den menneskelege aktiviteten si rolle og det jugoslaviske kommunistpartiet sine freistnader på å utvikle ”sosialistisk marknadsøkonomi” med arbeidarstyre i verksemdene. Praksismarxismen spreidde seg til andre austeuropeiske land. Den såkalte Petofi-krinsen i Budapest, som var svært kritisk til ”den reelt eksisterande sosialismen” si mangelfulle tilfredsstilling av menneskelege behov og som utvikla analysar av ”kvardagslivet”, utvikla ein humanistisk marxisme under inspirasjon av Lukács. I Tsjekkoslovakia vart den humanistiske marxismen ein viktig teoretisk og ideologisk bakgrunn for ”sosialisme med eit menneskeleg andlet” (jfr. Karel Kosiks, f. 1926, si bok, ”Det konkretes dialektikk”). Også i Polen fanst det eit straumdrag som framheva den humanistiske marxismen (jfr. Leszek Kolakowski, f. 1927, si bok ”Menneske uten alternativ”).
6.1.15.Strukturell marxisme
Struktuell marxisme, under leiarskap av den franske filosofen Lous Althusser (1918-1990), oppsto som ein tendens retta mot humanistisk marxisme og orienteringa mot det handlande subjekt. Althusser framheva marxismen som ein vitskap som undersøker objektive strukturar. Althusser sin strukturelle marxisme inngår i ein strukturell tradisjon som kan førast attende til den franske sosiologen Emile Durkheim (1858-1917). Althusser hevda at dei medvitne aktivitetar hos menneskelege aktørar ikkje kan forklare samfunnsstrukturen og den historiske utviklinga. Men han kritiserte også den økonomiske tolkinga av marxismen, der alle samfunnsfenomen vert redusert til ”økonomi” (reduksjonisme), og meinte at samfunnet er ein struktur der dei tre nivåa – det økonomiske, det politiske og det ideologiske – kvar for seg har sin ”relative autonomi” med deira eiga spesifikke utvikling. Økonomien er berre bestemmande i siste instans. Som alle strukturalistar meiner Althusser at heilskapen går føreåt for og er meir enn summen av delane (holisme). Althusser innfører også eit fjerde nivå i samfunnet, som han kallar det teoretiske nivå.
Étienne Balibar (f. 1942) vidareutvikla dette strukturalistiske perspektivet på den historiske materialismen. Balibar meiner også at det korkje er menneskelege aktørar eller klassar, som ”lagar” revolusjonen. Tvert imot kjem han i stand på grunn av strukturelle forhold.
Nicos Poulantaz (1936-1979) vidareutvikla Althusser sin strukturelle marxisme til ein stats- og klasseteori. Han framheld at klassane konstituerer seg omgrepsmessig i klassekampen og avviser såleis den tradisjonelle oppdelinga av klassar i ein objektiv klasse ”i seg sjølv” og ein subjektiv ”klasse for seg sjølv”. Dei er effektar av den sosiale praksis på alle nivå. Poulantzas meiner at staten har ein relativ autonomi i forhold til klassane i vår tids kapitalisme. Staten si oppgåve er å garantere dei forhold som produksjonen og reproduksjonen føregår under, og den kan difor ikkje reduserast berre til eit uttrykk for den herskande klasse. Poulantzas hevdar at det finst ei ”maktblokk” som består av ulike klassar og klassefraksjonar, som har ”hegemoni” i staten. Denne maktblokka kan herske ved at staten kan behandle menneska i dei underordna klassane som isolerte individ, der kvar einskild har ei røyst.
Strukturalismen, som legg vekt på strukturperspektivet framfor aktørperspektivet, kan kritiserast for determinisme.
6.1.16. Kapitallogikk
Kapitallogikk oppsto kring 1970 som eit straumdrag innan den såkalte ”vestmarxismen”. Tilhengarar av denne retninga meinte at Marx først og fremst hadde utvikla kapitalen sin logikk, og dei brukte difor ikkje dialektikkomgrepet. Denne logikken vert uttrykt i kapitalen si rørslelov: P-V-P`, der P står for pengar, V for varer og P`for fleire pengar. Etter kapitallogikarane sitt syn er det kapitalen si verdiauking som er Marx si viktigaste oppdaging. Andre, t.d. Althusser, held Marx sin historiske materialisme for å vere det viktigaste bidraget. ”Kapitalen sin logikk” underlegg seg stadig fleire område av den samfunnsmessige røyndommen.
Roman Rosdolsky framheld Hegel si store betydning for Marx sin teori, først og fremst den grunnlaggjande dialektikk mellom vesen og framtredingsformer. Det finst ein djupareliggjande vesenslogikk i kapitalen, som ein ikkje kan observere på overflata. Det sentrale i kapitalen sin logikk er kapitalen sin innebygde tvang til ekspansjon, stadig forauking av verdien, akkumulasjonstvangen.
Helmut Reichelt formulerer den idé at heile den historiske utviklinga kan sjåast på som ein prosess, der kapitalen sin logikk gradvis har ekspandert, frå kimane i det første varebytte til han har overtatt den styrande rolla, rolla som ”det overgripande subjekt” under dagens kapitalisme. Men kapitalen innverkar også på lønsarbeidarane sine levekår utanfor produksjonen - innanfor stat, organisasjonar, utdanningsvesen og til og med i dei nære mellommenneskelege relasjonar. Det er dette som forklarer arbeidarane si tiltakande framangjering. Kapitalen sin ekspansive logikk inneheld sine eigne indre motseiingar, skrankar og samanbrotstendensar. Mange kapitallogikarar peikar i denne samanheng på ”lova om profittraten sin fallande tendens”. For å greie å konkurrere er kapitalistane nødde til å heile tida innføre meir avansert teknologi for å redusere omkostnadene; men når levande arbeid vert erstatta med maskiner, reduserer kapitalisten samstundes det som er kjelda til meirverdien. Resultatet vert auka utpining av arbeidskrafta, arbeidsløyse og kriser (særleg overproduksjonskriser). Hovudmotseiinga er likevel motseiinga mellom produksjonen sin samfunnsmessige karakter og den private tileigninga av produktet og meirverdien. ”Statsintervensjonistisk kapitalisme” (keynesianisme) er ein freistnad på å bøte på slike motseiingar, men også ein slik politikk er motseiingsfull.
6.1.17. Analytisk marxisme
I 1980-åra oppsto ein ny retning innanfor marxismen, som har blitt kalt analytisk marxisme. Dei analytiske marxistane prøver å kombinere marxismen eller visse grunnleggjande marxistiske problemstillingar med ikkje-marxistiske teoriar og metodar for å frigjere den frå ikkje-vitskaplege element.
Den britiske filosofen G.A.Cohen (f. 1941), som forsvarer den historiske materialismen, hevdar at Marx sin teori eigentleg baserer seg på ein funksjonalistisk forklaringsmodell, der produktivkreftene avgjer produksjonsforholda, ved at sistnemnde vert sett på som funksjonelle (”tenlege”) for produktivkreftene si utvikling.
Andre analytiske marxistar (t.d. Elster, f. 1940) har avvist dette, og har hevda at alle samfunnsvitskaplege forklaringar må kunne førast tilbake til individnivå.. Analytiske marxistar har, i tråd med ei slik forståing, brukt rational choce-modellar.
Den amerikanske sosiologen Erik Olin Wright (f. 1947) har interessert seg for marxistisk klasseanalyse i det moderne samfunn, med særleg vekt på mellomklassen. Han har i denne samanheng utvikla omgrepet ”motsetningsfylte klasseposisjonar”, som knyter an til kontroll over pengekapitalen, den fysiske kapital og arbeidet.
Allen W. Wood har interessert seg for det moralfilosofiske grunnlaget for Marx sine teoriar og for synet hans på likskap og rettferd. Wood meiner at Marx ikkje baserte kritikken sin av kapitalismen på moralske argument, på moralske vonde og manglar, men på kapitalismen si manglande evne til å tilfredsstille menneskelege behov, dvs. på ”ikkje-moralske vonde”. Marx såg på moralen som noko som tilhøyrde overbygninga, samstundes som han skarpt fordømte at ein på sjølvtilfreds måte stilte seg likegyldig i forhold til menneskeleg misére. Men han vegra seg mot å fordømme den ikkje-moralske vondskapen i seg sjølv.
Somme vil hevde at den analytiske marxismen, eller delar av denne, har fjerna seg så langt frå Marx at det er meiningslaust å kalle dette marxisme. Andre vil stille seg kritisk til freistnadene på å utvikle marxismen til vitskap med stor V og den akademiseringa som dette inneber. Andre vil helse slik marxistisk nytenking velkommen, og ser her ei mogeleg vitalisering av marxismen.
6.1.18. Frigjeringsteologien
Frigjøringsteologien er ei praksisorientert retning. Frigjeringsteologien vaks fram i Latin-Amerika på 1960- og 70-talet blant katolske teologar, som hadde arbeidet sitt blant fattige og undertrykte. Dei latinamerikanske biskopane sin andre konferanse (CELAM II) i 1968, Medellin, Colombia, kan sjåast på som den offisielle lanseringa av frigjeringsteologien. Denne konferansen utarbeidde eit dokument som slo fast at det var nødvendig å arbeide for å sikre dei fattige sine rettar og kritiserte samstundes dei rike landa for å ha tufta rikdommen sin på kostnad av den tredje verda.
Ein av biskopane sine rådgjevarar var ein peruviansk teolog som heitte Gustavo Guiterez. Han gav i 1971 ut boka ”Teologia de liberacion”, publisert på engelsk under tittelen ”A theology of liberation” i 1973. Med denne utgjevinga fekk den nye rørsla eit skriftleg fundament. Etter dette har det komme til fleire teologar; viktige teoretiske bidragsytarar er erkebiskop Oskar Romero i El Salvador, som vart drepen og fekk sitt martyrium i 1980, og den brasilianske teologen Leonardo Boff. Boff skreiv i 1987: ”Vi er berre på dei fattige si side, når vi kjempar med dei mot den fattigdom som urettmessig har blitt skapt og tvunge på dei”. Det teologiske utgangspunktet skriv seg frå Mattheus 25:34-41. Heider Camera, Frei Betto og Ernesto Cardenal er andre viktige bidragsytarar.
Frigjeringsteologien sin bærebjelke er det konkrete engasjement, som vert utforma gjennom diskusjon og utvikling i sokneråda og på grunnplanet blant dei fattige og undertrykte. Retninga kan derfor omtalast som meir praksisorientert enn teoretisk fundert, og skiljer seg på dette område frå den etablerte europeiske kristendommen.
Frigjeringsteologien har gjentekne gonger blitt utsett for kritikk frå Vatikanet. Kritikken har gått ut på at retninga er marxistisk inspirert og altfor revolusjonær. Sentrale teologar har fått fråsegner og prosessar retta mot seg. CIA har aktivt støtta konservative prestar, mellom anna desse: Biskop Hengsbach, kardinal Rossi og kardinal Ratzinger (noverande pave Benedict XIX). Dette har skjedd med bakgrunn i eit dokument skrive av ei ekspertgruppe som vart oppnemnt av president Ronald Reagan, som konkluderte med at ”den amerikanske utanrikspolitikken må ta opp kampen (…) mot frigjeringsteologien”.
Vatikanet si fordømming har likevel ikkje vore eintydig. I 1984 utgav kardinal Ratzinger skriftet ”Instruksjon vedrørande nokre aspekt ved frigjeringsteologien”, der rørsla og særleg Leonardo Boff vert klandra for å vere marxistisk, med den følgje at Boff i ei årrekke fekk forbod mot å uttale seg offentleg. Pave Johannes Paul II utnemnde imidlertid i 1985 ein annan frigjeringsteolog, den ecuadorianske biskopen Leonidas Proanoa til ”indianarbiskop” for heile Latin-Amerika, og vitja etter dette Latin-Amerika fleire gonger. I slike samanhengar snakka han varmt om gjeldssanering for dei fattigaste landa.
I 1992 markerte frigjeringsteologar 500-årsmarkeringa for Columbus sin invasjon av Sør-Amerika med fokus på det folkemordet som reelt skjedde, den etterfølgjande og vedvarande undertrykkinga og ikkje minst dei kristne si rolle i dette. Ein ønskte å ta eit oppgjer med den vestlege verda sin misjons- og koloniseringsarv og dominans, og i staden byggje ein ekte misjon nedanfrå, basert på dei fattige og undertrykte sin røyndom.
I løpet av 1980-åra har frigjeringsteologar støtta opp om folkelege opprør i mellom anna Mexico og Guatamala. Parallellar til den latinamerikaske frigjeringsteologien finn ein også i Asia og Afrika – kanskje særleg i Sør-Afrika, der det under apartheidregimet vaks fram liknande rørsler med biskop Desmond Tutu i spissen. I dag er det somme som spør seg om det vil vekse fram ei sterk muslimsk frigjeringsteologisk retning i landa i Midtausten. Frigjeringsteologien sin påverknad er også tydeleg i rørslene bak revolusjonen i Venezuela, og dei venstreorienterte regjeringane i Brasil, Ecuador og Nicaragua.
6.1.19. Prabhat Rainjan Sarkar
Den indiske filosofen P.R. Sarkar (1921-1990) lanserte PROUT (Progressive Utlization Theory) i 1959, som han kalla ”progressiv sosialisme”. Han kritiserte tidlegare sosialistiske eksperiment for å vere upsykologiske og anti-humane med overdriven vekt på materialisme. Han meiner mennesket og verda har åndeleg og idealistisk utgangspunkt og mål, og at ein sosialistisk teori må passe til vår mentalitet, ikkje omvendt. Konkret står han for økonomisk demokrati og desentralisering gjennom kooperativ. Små verksemder kan vere private, og nøkkelindustri som energi-forsyning og nasjonale kommunikasjonar bør vere felleseigde. For å unngå krig bør dei sosialistiske landa samlast på overnasjonalt nivå i ei verdsregjering. I PROUT er det også klassekamp, men mellom fire klassar (arbeidarar, militære, intellektuelle og handelsfolk). Leiande i kommande sosiale revolusjonar vil vere ”klasselause” idealistar.
- - - - - - - - - - - -
Arbeidarrørsla og venstresida kan også ha nytte av bidrag frå samfunnsteori, sjølv om denne ikkje er ekslisitt utvikla for eit sosialistisk publikum og jamvel om opphavspersonane ikkje nødvendigvis var/er organiserte sosialistar.
6.1.20. Max Weber
Den tyske sosiologen Max Weber (1864-1920) utarbeidde ml.a. ”vitskapen om sosial handling”. Han skilde mellom fire ulike idealtypiske handlingar. 1) Tradisjonelle handlingar er handlingar som vert styrt av tradisjonen eller inngrodde vaner. 2) Affektive handlingar er handlingar som er bestemt av aktørane sine affektar og kjensletilstandar. 3) Verdirasjonelle handlingar er handlingar som vert bestemt av ei medviten tru på ei bestemt åtferd sin etiske, estetiske, religiøse el.a. eigenverdi, uavhengig av handlingane sine effektar. 4) Målrasjonelle handlingar er handlingar som vert utført for å oppnå visse mål. I desse handlingane kalkulerer aktøren kva for handlingar som best og mest effektivt fører til oppnåing av det ønskte målet. I vår samanheng er det av interesse å bruke eit slikt skjema på kollektiv handling. Den sosiologiske litteraturen om sosiale rørsler er verdifull i denne samanheng (Morris & Mueller, 1992).
Weber analyserte også grunner til at ein orden vert oppfatta som legitim. Dette kan vere på grunn av 1) tradisjon, 2) kjenslemmessig basert tru, 3) verdirasjonell legitimitet (ein trur at verdiane som ligg til grunn er gyldige) og 4) målrasjonell legitimitet (ein sluttar seg til måla).
Weber skiljer mellom 1) tradisjonelle, 2) karismatiske og c) byråkratiske organisasjonar (og tilsvarande for leiarskap). Han definerer ein klasse som alle menneske som befinn seg i same klassesituasjon, som igjen vert definert ut frå 1) materiell forsørging, 2) ytre sosial stilling og 3) indre liv (som byggjer på den kontroll individet har over materielle ting eller eiga prestasjonsevne, og korleis denne kontrollen kan føre til inntekter i ein gjeven økonomisk orden). Weber skiljer mellom ein 1) eigarklasse, som vert definert ut frå eigedomsretten til produksjonsmidlane, ein 2) arbeidarklasse og ein 3) sosial klasse, som vert definert ut frå totaliteten av klassesituasjonar. Ein sosial klasse er derfor meir kompleks – samansett av av fleire dimensjonar som eigedom, yrkesmessig kompetanse, evne til å greie seg på arbeidsmarknaden osb. Weber innfører i tillegg nemninga statusgruppe, som vert definert ut frå individa sin livsstil, formell utdanning, evne til å greie seg på arbeidsmarknaden osb. Når det gjeld menneska sitt høve til innverknad, skiljer han mellom makt, autoritet og disiplin.
6.1.21. Frankfurterskulen
Frankfurterskulen oppsto i 1930-åra, og sette seg først og fremst som mål å utvikle kritisk teori, baset på eit materialistisk forskingsprogram. Teori og empiri skal gjensidig befrukte kvarandre, og det eine utan det andre vert meiningslaust. Dette er Frankfurterskulen sin dialektikk. Horkheimer (1895-1973) la vekt på at kunnskap og erkjenning alltid er uavslutta, og han avviste endelege svar, mellom anna i sin kritikk av Lukács. I drøftinga hans av filosofane Hegel og Schopenhauer vart blikket for den enkelte og det konkrete skjerpa. Lidingar og urettferd rammar støtt einskildmenneske, og dei kan aldri forsonast ved å bli innskrivne i ei overordna historisk meining. Horkheimer vart ein eksponent for politisk tvil og undring. Fascismen og stalinismen vart utsett for skarp kritikk. Frankfurterskulen tok også for seg emne som den autoritære stat, fordommar, personlegdomsstruktur under ulike samfunnssystem (den autoritære personlegdom), myte og opplysning o.a. Somme, t.d. Erich Fromm (1900-1980), vidareutvikla humanistisk sosialisme, og tilførte sosialismen ein eksistensialistisk dimensjon (slik også Sartre gjorde).
6.1.22. Diskursanalyse
Diskursanalysen tek ml.a. utgangspunkt i at dei verkemidlane som inngår i den politiske praksisen er av språkleg karakter, og analyserer føresetnader for og konsekvensar av slik betydningsskapande praksis. Språk er makt! Språkbruk avspeglar ulike perspektiv og interesser, og kan skape ulike røyndomsforståingar. Diskursanalyse er relevant som handlingsteori, og må forståast i lys av politiske motsetnader og politisk hegemoni.
Foucault (1926-1984), ein sentral teoretikar i denne samanheng, analyserer diskursar primært i forhold til maktomgrepet, og tek elles for seg disiplinering og regulering.
6.1.23. Pierre Bourdieu
Den franske samfunnsforskaren Pierre Bourdieu (1930-2002) kombinerer ei teoretisk omgrepsutvikling med empiriske undersøkingar. Kapital (i Bourdieu sin bruksmåte) eksisterer i tre hovudformer: Økonomisk kapital (pengar og materielle ressursar), kulturell kapital (danning og utdanning) og sosial kapital (dei ressursar som ein person har i kraft av at han/ho er medlem av ei spesifikk gruppe; nettverk). Symbolsk kapital er ei slags overordna kapitalform (prestisje, ry), som dei tre andre kapitalformene transformerer seg til, når dei vert oppfatta som legitime på eit spesielt felt. Distinksjon er dei ressursar som kan brukast av ei gruppe til å skaffe seg forsprang til ei anna gruppe. Den såkalte ”finkultur” (vaner, smak, livsstil o.a.) er ein av dei viktigaste instrumenta i dei herskande klassar sin kamp for å halde ved like og forsterke sin posisjon i samfunnet. Dette avgrensar også dei ulike klassane frå einannan. Habitus er eit system av nokså varige, men også til ein viss grad foranderlege disposisjonar, som menneske bruker for å oppfatte, vurdere og handle i verda. Den sosiale posisjonen sin relasjonelle karakter vert såleis omsett til ein samla livsstil. Det er tale om sosial posisjonering basert på bestemte mentale strukturar (som er ei avspegling av sosiale strukturar). Gjennom utdanning vert menneske sortert, og Bourdieu talar i denne samanheng om symbolsk vald og symbolsk makt. Det sosiale rom er det samfunnsmessige rom av sosiale posisjonar, organisert på grunnlag av to differensieringsprinsipp: 1) Den totale mengde av kapital som menneske har, samt 2) fordelinga mellom økonomisk og kulturell kapital. Felt er nettverk av objektive relasjonar mellom posisjonar. Det er tale om mikrokosmos eller felt som kvar har sine spesifikke regelsett, verdiar og interesser.
6.1.24 Jürgen Habermas
Den tyske filosofen Jürgen Habermas (f. 1929) har mellom anna teke for seg vilkåra for ein fri og demokratisk dialog i moderne kapitalistiske industrisamfunn. Slik dialog og refleksjon skal byggje på rasjonelle argument. Den såkalte diskursetikken er ein teori om moral, som hevdar at moralske normer om rettferd kan etterprøvast rasjonelt i ein argumenterande og fornuftsbasert samtale; samtalen skal ha karakter av ein ”herredømmefri samtale”. Dette er tale om den ideelle samtalesituasjon og om ein prosedyre-etikk. Kommunikativ handling er forståingsorientert handling, dvs. handling ut frå konsensus (semje) om definisjonar av situasjonar, som kviler på felles anerkjenning av at omverda vert oppfatta på ein gyldig måte, av sosiale normer og dei enkelte personar sine identitetar. Når det offentlege rom vert ”kolonisert” av føremålsrasjonell styringskapasitet, fortrenger dette høvet til kollektiv handling i ovanfornemnde tyding. Det er tale om ei ”reføydalisering” av det offentlege rom som trugar fridom og demokrati. Politiske problem vert gjort til tekniske styringsproblem, også dei som har samband med moralsk ladde spørsmål som makt, demokratisk innverknad, likskap og rettferd. Vitskapstrua og den tekniske fornuften vert gjort til ideologi, og instrumentell og teknisk formålsrasjonalitet vert stadig meir einerådande. Habermas har tru på det demokratiske potensialet i sosiale grasrotrørsler, føresett at at dei uttrykker universelle menneskelege verdiar; verdiane må kunne gjerast allmenne.
6.2. Sosialistisk organisering
Organisering i fagforeiningar og sosialistiske parti har førekomme heilt frå industrisammfunnet og kapitalismen sin framvekst og frå den tid sosialistisk medvit oppsto. Tilsvarande har det funnest ulike organiserte grupperingar av sosialistar som korkje kan karakteriserast som fagorganisasjonar eller politiske parti, t.d. i form av ulike klubbar, foreiningar eller rørsler. Slik organisering av undertrykte klassar førekom også før industrisamfunnet og kapitalismen; klassekampen er like gammal som klassesamfunnet, og har lenge føregått i organiserte former.
Arbeidarrørsle er ei fellesnemning for faglege og politiske rørsler som har sin sosiale basis i arbeidarklassen og som tek sikte på å betre arbeidarane sin levestandard, å forsvare klassen sine interesser og (om rørslene er revolusjonære) kjempe for eit brot med kapitalismen og innføring av sosialisme. Også kooperasjonen vert delvis rekna til arbeidarrørsla. Den kapitalistiske produksjonsmåten utvikla storbedrifter som samla mange arbeidararar på ein stad. Dei budde gjerne i same område og hadde einsarta kår. Dette la grunnlaget for fellesskapskjensle og klassesolidaritet. I Norge fanst det streikerørsler og andre tilløp til arbeidarrørsle ved bergverka på Kongsberg og Røros alt på 1600-talet. Men det var først med industrisamfunnet sin framvekst at grunnlaget vart lagt for ei organisert arbeidarrørsle som varte lengre enn ut over akutte kampsituasjonar og som vart bygd ut på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Arbeidarrørsla vaks stort sett fram kring nærliggjande og enkle forhold: Streikerørsler for lønskrav, agitasjon for allmenn røysterett eller sjølvhjelpsforeiningar som søkte å skaffe arbeidarane billegare varer og opplysning. Sosialistisk ideologi/teori vart først utvikla utanfor arbeidarrørsla (utopisk sosialisme), men på midten av 1800-talet var sosialismen som idé og arbeidarrørsla knytt saman i dei fleste europeiske land. For å organisere det praktiske arbeidet har det vore nødvendig å danne særlege organ for den faglege og politiske verksemda. Mellom fagforeiningane og arbeidarpartia har det i dei fleste land vore eit meir eller mindre nært forbund.
Arbeidarrørsla i Norge daterer seg frå 1800-talet. Thranitterrørsla var arbeidarklassen si første sjølvstendige rørsle som klasse i Norge. Den første arbeidarforeininga vart skipa i Drammen i 1848. Thranitterrerrørsla vart ei viktig fagleg, sosial og politisk kraft, men vart knekt av borgarskapet og høgrekreftene. Landsorganisasjonen (LO) i Norge vart skipa i 1899 under namnet Arbeidernes faglige landsorganisasjon.
Det Norske Arbeiderparti vart skipa i 1887. Partiet har heile tida vore eit sosialdemokratisk parti, men med skiftande program og politikk. Heilt fram til 1930-åra bygde partiet på eit marxistisk idégrunnlag. DNA samarbeider med Den sosialistiske internasjonale, dvs. sosialdemokratiske søsterparti kring om i verda. DNA har nære band til Landsorganisasjonen, og har vore regjeringsparti i mesteparten av norsk etterkrigshistorie. I dag deltek DNA i ei sentrum-venstregjering, og har ei oppslutning på kring 30 prosent.
I 1923 braut Norges Kommunistiske Parti ut av DNA og slutta seg til Den kommunistiske internasjonale. Partiet byggjer på marxismen-leninismen og dermed demokratisk sentralisme. NKP har blitt rekna som eit ”Moskva-orientert” kommunistparti. Partiet hadde relativt stor oppslutning like etter partiskipinga og i åra etter siste verdskrigen. NKP er i dag utan representasjon på Storting og i fylkesting, og har berre kommunestyrerepresentant i eitt kommunestyret. Ved Stortingsvalet i 2005 oppnådde partiet under 1 promille av røystene. NKP gjev ut vekeavisa Friheten.
Sosialistisk Venstreparti (SV) vart skipa i 1975 av Sosialistisk Folkeparti, ein fraksjon frå Norges Kommunistiske Parti, Demokratiske sosialister – AIK og uavhengige sosialistar. Sosialistisk Venstreparti var ei vidareføring av Sosialistisk Valforbund, som vart danna før stortingsvalet i 1973. Bakgrunnen var det vellykka samarbeidet på venstresida i norsk politikk under kampen mot norsk medlemskap i EF. SV er eit venstresosialistisk parti som internasjonalt er tilslutta ein europeisk organisasjon av parti som står på same politiske line. Partiet deltek i sentrum-venstreregjering saman med DNA og Senterpartiet frå Stortingsvalet 2005. SV har i dag ei oppslutning på meiningsmålingar mellom 5 og 10 prosent.
Raud Valallianse (RV) vart skipa i 1973, og er ei samanslutning mellom Arbeidernes Kommunistparti (AKP) og uavhengige sosialistar. AKP vart danna same år som følgje av eit brot med Sosialistisk Folkeparti (SF). AKP har markert seg gjennom sterkt innverknad i ulike studentorgan, gjennom avisa Klassekampen og gjennom sin kamp mot DNA og LO sin politikk på arbeidsplassane. Ideologisk har partiet tidlegare identifisert seg med Kina og Albania og maoismen. I den grad AKP er dominerande i RV, gjeld derfor det same for Raud Valallianse. Avisa Klassekampen er ikkje lenger partiavis for RV. Raud Valallianse har hatt ein reprentant på Stortinget, men er i dag ikkje representert i nasjonalforsamlinga. RV har imidlertid representantar i dei fleste fylkesting og i 70-80 kommune- og bystyre. I skrivande stund pågår det ein diskusjon om RV sitt forhold til AKP og om ei mogeleg samanslåing, og etablering av eit nytt parti (med nytt namn).
Andre sosialistiske organisasjonar og miljø i Norge er Demokratisk Alternativ, Internasjonale sosialister (IS), Marxistisk Forum, Miljøet kring Manifest, Ml-gruppa Revolusjon, Tjen Folket, Rød Front, Demo, PROUT-miljøet i Norge, Radikale sosialister, ROSSO og andre – og Bevegelsen for Sosialisme (BfS).
Ei rekke ulike organisasjonar i t.d. miljø-, freds-, kvinne- og solidaritetsrørsla er ikkje spesifikt sosialistiske, men er likevel viktige pådrivarar i progressiv politisk retning. I tillegg kjem ei rekke rørsler knytt til enkeltsaker og –aksjonar.
6.3. Freistnader på sosialistisk samfunnsorganisering
Sovjetunionen vart til som det første sosialistiske land i verda etter Oktoberrevolusjonen i 1917. Sosialismen – det er på norsk venstreside usemje om korvidt det er rett å bruke denne nemninga på Sovjetunionen – overlevde borgarkrigar, intervensjonskrigar, 2. verdskrig, kald krig med rustingskapløp, økonomisk blokade og anna motarbeiding frå kapitalistiske land i om lag 70 år. I 1991 vart Sovjetunionen oppløyst, og sosialismen vart avvikla. Dei aust-europeiske landa innførte sosialisme etter andre verdskrig. Murens fall i 1989 markerte at sosialismen vart avvikla også der. I dag er dei tidlegare sovjetrepublikkane og dei austeuropeiske landa kapitalistiske samfunn med borgarleg demokrati (om enn mangelfullt utvikla mange stader). Samfunnsomleggingane resulterte i dramatisk auke av klassskilje og store sosiale problem.
I Kina sit framleis kommunistpartiet med regjeringsmakta, men det kinesiske samfunnet er i dag kapitalistisk.
I tiåra etter siste verdskrigen slo fleire av dei frigjorde koloniane inn på ein sosialistisk utviklingsveg, men i dag er også dei fleste av desse kapitalistiske samfunn. I Afrika kan t.d. nemnast Angola og Mosambik, i Asia Vietnam, Laos og Kambotsja. Nord-Korea held fast ved styresettet sitt. Produksjonsmidlane er statseigde. Politisk er regimet autoritært og udemokratisk, og prega av persondyrking. Cuba held også fast ved sitt sosialistiske system trass i USA sin blokade og internasjonal motarbeiding for øvrig. Cuba har oppnådd oppsiktsvekkande resultat på fleire område, ml.a. når det gjeld sosial velferd og innan miljøvern.
Før samanbrotet i Sovjetunionen og Aust-Europa levde ein stor del av befolkninga i verda under sosialistiske samfunnssystem (ein tredjedel). No er det meste av dette borte, og det finst berre nokre få land igjen. Det er tidlegare i dette dokumentet gjeve ei kort vurdering av desse samfunna og omveltingane kring 1990, og kva for lærdommar som kan trekkast.
Dei radikale politiske prosessane i Latin-Amerika, særleg Venezuela og Bolivia, gjev von om ein sosialisme for det 21. århundre. Kanskje får sosialismen ein ny ”vår” på dette kontinentet, og dette kan innevarsle liknande endringar også andre stader i verda.
Til toppen av siden
7. BLI MED I KAMPEN
Bevegelsen for Sosialisme (BfS) arbeider langsiktig for å byggje ei sterk og moderne sosialistisk rørsle på tvers av gamle skiljeliner.
Anten du er politisk røynd eller aldri har vore organisert før – anten du er medlem av eit av venstresida sine parti eller er partipolitisk uavhengig – anten du er mest interessert i diskusjon og studiar eller aksjonisme – Bevegelsen for Sosialisme er for deg!
For meir informasjon eller medlemskap, besøk heimesida vår på nettet:
www. bevegelsen.no. Eller skriv til Bevegelsen for Sosialisme, boks 131, 5804 Bergen.
Litteratur
Andersen, H. & Kaspersen, L.B. (red.) (2002). Klassisk og moderne samfunnsteori.
København: Hans Reitzels Forlag.
Arbeidernes Leksikon (1974). Bind 1-3. Oslo: Pax Forlag
Balibar, É. (1977). Om proletariatets diktatur – til kritikken av eurokommunismen.
København: Rhodos.
Balibar, É. (1977). Fem studier i den historiske materialismen. København: Rhodos.
Cohen, G.A. (1986). Karl Marx´ historieteori: ett försvar. Lund: Arkiv.
Elster, J. (1988). Hva er igjen av Marx? Oslo: Universitetsforlaget.
Fromm, E. (1941). Escape from freedom. New York: Farrar & Rinehart.
Gramsci, A. (1967). En kollektiv intellektuell. Lund: Bo Cavefors Bokförlag.
Gramsci, A. (1972). Politik och kultur. København: Gyldendal.
Gramsci, A. (1973). Arbejderkontrol, arbejderråd, arbejderstyre. København: Rhodos.
Gramsci, A. (1973). Selections from political writings. London: Lawrence and Wishart.
Gramsci, A. (1991). Fengselsopptegnelser i udvalg. København: Museum Tusculanum.
Gramsci, A. (1992). Tre artikler av Antonio Gramsci. Oslo: Institutt for sosiologi,
Universitetet i Oslo.
Guiterez, G.A. A theology of liberation. Boff & Boff: Introducing liberation theology.
Harvey, D. (2005). Den nye imperialismen. Oslo: Oktober Forlag.
Kleven, H.I. (1976-1977). Den herskende klasse. Forlaget Ny Dag.(Bind I-III).
Kleven, H.I. (2000). Marxistisk etikk og moral. Oslo: Marxistisk Forum, c/o Falken
Forlag.
Kleven, H.I. (2000). Materialistisk dialektikk. Oslo: Marxistisk Forum, c/o Falken Forlag.
Kleven, H.I. Hva og Hvorfor? Refleksjoner omkring bakgrunnen for sammenbruddet i den
kommunistiske verdensbevegelsen og i Sovjetunionen. Første bind i dette tobindsverket
vert utgjeve i løpet av 2007. Det første bindet vil ta for seg Stalin-epoken.
Kolakowski, L. (1967). Menneske uden alternativ. København: Fremad.
Korsch, K. (1972). Marxism och filosofi. Stockholm: Rabén & Sjögren.
Korsch, K. (1974). Karl Marx: revolutionær videnskab. København: Jørgen Paludans
Forlag.
Kosik, K. (1979). Det konkretas dialektikk. En studie i människans och världens
problematikk. Göteborg: Röda Bokförlaget.
Kropotkin, P. (1910). Anarkismens moral. Stockholm: Tragus Förlag.
Lenin, V.I. (1969). Imperialismen. Oslo: Forlaget Ny Dag.
Lenin, V.I. (1975). Hva må gjøres? Oslo: Forlaget Ny Dag.
Lenin, V.I. (1975). Staten og revolusjonen. Oslo: Forlaget Ny Dag.
Lenin, V.I. (1982). Materialismen og empiriokritisismen. Oslo: Ny Dag.
Lucács, G. (1967). Lenins tankvärld. Lund/Stockholm: Zenit/Raben & Sjögren.
Lucács, G. (1971). Historia och klassmedvetande. Studier i marxistisk dialektikk. Lund:
Bo Cavefors Bokförlag.
Lucács, G. (1978). The ontology of social being. 1. Hegel´s false and his genuine
ontology.London: Merlin Press.
Luxemburg, R. (1969). Socialreform eller revolusjon. København: Gyldendal.
Luxemburg, R. (1971). Socialdemokratiens kris. Stockholm: Gidlunds Förlag.
Luxemburg, R. (1973). The accumulation of capital – an anti-critique. New York:
Monthly Review Press.
Marx, K. (1970-1971). Karl Marx. Verker i utvalg (1-7). Oslo: Pax Forlag.
Mao, Z. (1967). Mao Tse-tungs røde bok: sitater fra Mao Tse-tungs skrifter 1926-64
(omsett av frå kinesisk til norsk av Henry Henne). Oslo: Aschehoug.
Morris, A.D. & Mueller, C.M. (red.) (1992). Frontiers in social movement theory. New
Haven: Yale University Press.
Poulantzas, N. (1970). Politisk makt och sociala klasser. Mölndal: René Coeckelbergs
Partisanförlag AB.
Poulantzas, N. (1977). Den moderne kapitalismens klasstruktur. Stockholm: Zenit.
Poulantzas, N. (1981/82). Politisk makt og sosiale klasser. København: Aurora.
Reichelt, H. (1974). Kapitalbegrepets logiske struktur hos Karl Marx. København:
Kurasje.
Rosdolsky, R. (1975). Kapitalens tilblivelseshistorie. Råudkast til Kapitalen fra 1857-58.
Bd. 1 og 2. København: Nansengade Antikvariat/Göteborg: Röda Bokförlaget.
Weber, M. (1982). Makt og byråkrati. Oslo: Gyldendal.
Weber, M. (1987). Ekonomi och samhälle: Forståelsessociologiens grunder. Lund: Arges.
Wood, A.W. (1986). Marx and equality. I J.E. Roemer (ed.), Analytical marxism.
Cambridge: Cambridge University Press.
Wright, E.O. (1994). Interrogating inequality. Essays on class analysis, socialism and
marxism. London: Verso,
Til toppen av siden